Leif Arild Sanden har mykje stoff å ta av om Aasmund Olavsson Vinje under førebuinga til solospelet.
Leif Arild Sanden har mykje stoff å ta av om Aasmund Olavsson Vinje under førebuinga til solospelet.

Koplar Vinje til nåtida i nytt teaterstykke

Ei humoristisk innstilling til bestefaren og mora vekte liv i Leif Arild Sanden (61) som skøyar. No førebur vesttelen seg til mange spel der han er Aasmund Olavsson Vinje, men også seg sjølv. Slikt kan det bli mykje moro av.

For tida held Leif Arild Sanden til både i eigen bustad i Treungen og er ein del i Oslo. I tillegg til 30 prosent stilling som tillitsvald i Utdanningsforbundet Nissedal driv 61-åringen eige foretak; Sanden kulturupplivingar. Mange av oppdraga skjer i Telemark. Vidare driv personen som kanskje er best kjent som Babben, med frilans-teaterprosjekt, og jobbar då mest saman med Grenland Friteater.

For ei stund sidan spurde Thomas Bye, teatersjef på Teater Ibsen, Babben om å lage ei soloframføring om Aasmund Olavsson Vinje i samband med at det no er 200 år sidan Vinje blei født.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Framføringa skal vare om lag 55 minuttar og er litt over halvskriven av Tor Arne Ursin i Grenland Friteater og meg. Ursin er også regissør og eg er skodespelaren, seier Babben.

Turne

Heile spelprosjektet er eit samarbeid mellom Sanden kulturupplivingar, Grenland Friteater og Teater Ibsen.

Hans Petter Eliassen har tatt dette bildet av Sanden som Aasmund Olavsson Vinje i samband med lanseringa av spelet som byrjar til hausten.
Hans Petter Eliassen har tatt dette bildet av Sanden som Aasmund Olavsson Vinje i samband med lanseringa av spelet som byrjar til hausten.

«Kva ville Vinje til dømes tenkt om kommunesamanslåing, og at Telemark og Vestfold blir éin region?»

Babben har i førejolstida i to år spela på Riksscenen i Oslo, og 19. oktober er han tilbake der, på hovudscena med framføringa som mykje handlar om Vinje. Anne Hytta, folkemusikkutøvar og komponist frå Telemark og vinnar av Spelemannsprisen innan folkemusikk i år, skriv musikk til stykket der Babben er solo på scena. På Riksscenen blir ho og to andre musikarar med.

– Det blir litt stas å stå på scena der og ha levande musikk, seier Babben.

Før den tid har han nok stått på scena ein del andre stader. Lag, organisasjonar og andre kan framover melde si interesse for framføringa. Deretter vil Teater Ibsen legge opp ein turne utpå hausten, og då er det snakk om minst 20 oppdrag der Babben er solounderhaldaren. Med seg i bagasjen har han innspela musikk frå Anne Hytta.

Som Vinje:Hans Petter Eliassen har tatt dette bildet av Sanden som Aasmund Olavsson Vinje i samband med lanseringa av spelet som byrjar til hausten.

«Vinje var litt av ein fyr og veldig oppdatert.»

Mykje å ta av

Artikkelen held fram under annonsen.

Framføringa er tenkt å heite «Tvisyn – ei forestilling om ein døl ved ein annan».

– Den byggjer på opplevingar til Vinje henta frå biografiar, diktsamlingar og ferdaminne. For meg har det blitt mange timar med lesing om Vinje, og det er veldig mykje stoff å ta av. Han både brente sprit og blei jurist …, seier Babben.

Så fortset han:

– Vinje var litt av ein fyr og veldig oppdatert, altså. Han har nokon karakteristikkar av folk som er temmeleg dryge, som eg vil ta med. Og han var veldig engasjert i jernbane i Noreg. Det har eg lyst til å kople opp mot nåtid og lyntog over Haukelifjell. Og kva ville Vinje til dømes tenkt om kommunesamanslåing, og at Telemark og Vestfold blir éin region?

– Ein kan vel rekne med at det blir ein del sprudlande humor i spelet?

– Vinje hadde nok mykje humor, men det kan hende eg smører på litt også…, svarar Babben, med sitt kjente smil på lur.

Babben likar veldig godt å vere skodespelar, og synest det er artig å spele folk som har levd. Snart skal han vere Aasmund Olavsson Vinje, vidareformidle tvisynt journalistikk og sparkande satire og ein heil del anna.

– Eg gler meg, absolutt. Og det er alltid litt ekstra spennande å stå aleine på scena. Skjer det noko uforutsett, synest eg det er artig å improvisere, seier Babben.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå skulesjef til tillitsvald

Babben sin oppvekst starta i Treungen der han var fyrste leveåret. Så flytta familien til Dalen. Då Babben var åtte år blei Kviteseid bustadplassen ei tid. I 1983 flytta han til Nissedal kommune og lærarjobb i Treungen. Så var det eit par år som leirskulelærar på Fjelltun på andre sida av Gautefallheia. Etterpå blei det tre år som kulturkonsulent og biblioteksjef i Nissedal kommune. Neste tre åra var han kultursjef og skulesjef.

– Det blei litt mykje papir, seier Babben om dei tre åra.

I 2003 blei han lærar i Treungen att.

– Eg sakna skulen og elevane, og gjekk frå å vere skulesjef til hovudtillitsvald, ei oppgåve eg har hatt fram til nå, seier Babben om ein jobbovergang nok ikkje mange andre har vore borti.

Babben blei gift med Siri Øye og dei fekk tre barn. I 1990 bygde dei eige hus i Treungen. 15 år seinare døydde Siri av kreft.

I 2010 møtte Babben Elisabet Dahle, som også var aleine. Dei blei kjærastar, og Babben er ein del i Oslo hos henne.

«Vinje hadde nok mykje humor, men det kan hende eg smører på litt også…»

Humoren smitta over

Artikkelen held fram under annonsen.

At humoristen Babben har gleda mange opp gjennom åra er det ingen tvil om. Kvar starta eigentleg denne humorinnstillinga hans?

– Bestefar min, Gunnar Borgjordet i Kviteseid, var ein veldig morosam fyr. Den viktigaste utdanninga eg har hatt var då eg sat på fanget til bestefar. Han fortalde historier og vitsa. Interessa for humor smitta over på meg, seier Babben.

– Også mor mi Kari Sanden var ein humørspreiar i det daglege. Ho såg veldig ljost på livet og var veldig flink til å ta vare på dei humoristiske tinga som dukka opp. Eg trur og håper eg lærte av det, seier Babben.

Vidare nemner han at samarbeidet med nissedølen Harald Valle har hatt mykje å seie for å kunne spreie moro.

– Harald og eg har veldig lik humor, og han har veldig gode hermer og historier frå Treungen og Nissedal. Det er veldig artig når me saman vrenger og vrir på ting, seier Babben.

Lygarlauget

I 1988 kom det ein idé om å lage eit teater i Nissedal, og sambygding Kjell Åsen blei kontakta.

– Me fann ut at me skulle lage eit utandørs spel, «Nissedal til alle tider», med Nissedalkoret. Det balla på seg med spel, mellom anna to spel på Dyrsku'n.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein dag møttest Svein Dag Midtsund frå Kviteseid, Jon Svartdal frå Seljord og Babben og Harald.

– Me såg at me hadde mykje av det same, og laga Lygarlauget. Me fekk eit oppdrag på Dyrsku‘n i 1994, og det blei då skøya rundt EU-røystinga. Vidare laga Lygarlauget mellom anna revy. Me hadde det veldig moro, men det blei mykje køyring, så Lygarlauget blei oppløyst.

Etterpå blei det meir teater på Babben, gjennom kontakt med friteateret. Mellom anna hadde han hovudrolla i «Den gjerrige».

– Det var veldig moro, seier skodespelaren.

Humor resten av livet

– Med all den humoren du har på lager må du ha klisterhjerne?

– Eg har lett for å lære, men trur det er like viktig å ha lett for å finne på – improvisere om det trengst.

– Korleis finn du på all humoren?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mykje er knytt til typar, til dømes. Og eg har eit lager av historier – noko har Harald og eg utvikla, og noko snur eg og vender på. Vidare er det ein del morosamt som skjer rundt omkring, og det er nok ein del slikt som blir lagra.

– Kva har humoren betydd for deg?

– Viss eg skal vere litt alvorleg – eg har klart å sjå framover når det har vore trasige tider. Humor er ein måte å kome gjennom tunge tider, svarar Babben.

Han rett og slett likar å ha det moro i dagleglivet.

– Humor er eit krydder i kvardagen, det at me ler gjer ei samtale lettare. Det er ofte at ein forhandlingssituasjon har godt av ein latter, seier ein som har vore tillitsvald i mange år.

Babben avsluttar intervjuet med desse orda og eit smil:

– Eg trur eg kjem til å ha med meg humor resten av livet, for litt moro må me ha det.