Haukeliseter fjellstue blei kåra av magasinet Motor til vinnar av årets vegmat 2017. Det er utruleg moro å vinne ein slik gjev pris, seier marknadssjef Marcus Andersson.
Haukeliseter fjellstue blei kåra av magasinet Motor til vinnar av årets vegmat 2017. Det er utruleg moro å vinne ein slik gjev pris, seier marknadssjef Marcus Andersson.

Kjøttkaker eller fjellburgar med geiteost?

Haukeliseter fjellstue har fått prisen årets vegmat 2017.

– Det er utruleg moro å vinne ein slik gjev pris. Me er veldig overraska over å vinne, og det har vore god stemning blant dei tilsette her på fjellstova atter at me fekk beskjeden, fortel Marcus Andersson, marknadssjef på Haukeliseter fjellstue.

På fjellstova legg dei mykje arbeid i god service. Når det gjeld maten satsar dei på gode, lokale råvarer og det vitale.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Service har mykje å seie for dei som kjem hit. Gjestene kjenner at dei er velkomne hit.

– Kva for rettar sel de mest av?

– Me har mykje forskjellige gjester som besøker oss. Alt i frå nokon som stoppar langs vegen for å ete, andre som bur her og vil nyte ein tre-rettars middag eller andre som kjem innom. Me sel mykje supper og kjøttkaker frå buffeen. Elles er fjellburgaren og reinskavsgryta populær, seier Andersson, som legg til at dei vart kåra til det beste vegmatstaden i Telemark i fjor. I år toppa dei det.

Det er magasinet Motor som har stått for denne kåringa, og deira grunngjeving er: «På Haukeliseter fjellstue er den største utfordringa å velje: Haukeliseters kjøttkaker, eller fjellburgar med geitost, sylta raudlauk, aioli og friterte poteter? Reinskavsgryte med potetpuré? Karbonadesmørbrød, lammepølse frå ein lokal leverandør, sopptoast med rista spinat, romegraut, spekemat eller dagens suppe?

Alt er laga frå botnen på kjøkkenet, og av lokale råvarer. Det er bare å glede seg, same kva du går for.»

Det var meir enn 100 spisestader, frå Mandal til Nordkapp som var med i konkurransen.