Brunkeberg oppvekstsenter er ein populær skule for elevar og foreldre. Terje Nilsen Haugen (t.v.), Johan Gjersund, Edwin Bosma, Rønnaug Flatin, Hanna Merete Karlsson, Kjersti Andersen, Olav Lundeberg, Oscar Hendriks og Camilla Haugholt.
Brunkeberg oppvekstsenter er ein populær skule for elevar og foreldre. Terje Nilsen Haugen (t.v.), Johan Gjersund, Edwin Bosma, Rønnaug Flatin, Hanna Merete Karlsson, Kjersti Andersen, Olav Lundeberg, Oscar Hendriks og Camilla Haugholt.

Kjempar for skulen i Brunkeberg

Foreldra ved Brunkeberg oppvekstsenter ynskjer å behalde skulen, og synest ikkje det finst gode argument for å legge den ned.

Leiar i foreldreutvalet ved skulen, Terje Nilsen Haugen, synest det er trasig at rådmannen i Kviteseid foreslår å legge ned skulen på Brunkeberg.

– Han har gjort det før, og det einaste argumentet er økonomi. Det må vere noko mindre viktig det går an å kutte, enn ein skule som både elevar, foreldre og tilsette vil ha, seier Haugen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette her var aldri noko diskusjon i valkampen heller, legg han til.

Fleire foreldre er engasjert i å behalde skulen som har 32 elevar.

Rønnaug Flatin har vore med å kjempa for skulen under tidlegare framlegg om nedlegging. Ho synest det er trist at ein må ta denne kampen gong etter gong.

Rønnaug Flatin som har kjempa mot nedlegging tidlegare og Terje Nilsen Haugen er klar for ny kamp.
Rønnaug Flatin som har kjempa mot nedlegging tidlegare og Terje Nilsen Haugen er klar for ny kamp.

– Uvissa om skulen år etter år gjer det lite attraktivt å flytte til for småbarnsfamiliar, og kan snarare føre til fråflytting. Framlegget syner også manglande respekt for demokratiet sidan dei folkevalde fleire gonger har sagt at me skal ha skule på Brunkeberg, seier ho.

Olav Lundeberg meiner at så lenge elevtalet er høgt nok og stabilt, bør skulen halde fram.

Oscar Hendriks saknar ein heilskapleg plan for eit slikt framlegg.

– Eg er ikkje prinsipielt imot skulenedlegging, men eg er imot å leggje ned ein skule utan at ein veit om ein sparar pengar på det. Dette er ikkje gjennomtenkt, og det er store forandringar utan argumentasjon. Som samfunn må ein ha ein trygge og føreseielege forhold. Det er uheldig at dette kjem opp kvart år, seier han.

Det var rett nok ikkje gjort framlegg i fjorårets budsjett om å legge ned skulen, men året før. Flatin meiner det er eit dårleg opplegg for elevane å starte i fyrsteklasse med så lang reiseveg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I dag må elevane i Åsgrend fyrst på bussen og reise via Ordal. Om skulen vert lagt ned blir denne vegen endå lengre. Det kan tenkjast at nokre av foreldra til desse elevane vil forsøke å flytte over til Seljord, som ligg nærare, seier ho.

– Eg trur ikkje det er rekna på ringverknadene av ei slik nedlegging. Om ein familie vel å flytte, misser kommunen til dømes inntekter, legg ho til.

FAU-leiaren fester lit til at posisjonen i kommunen vil kjempe mot nedlegging.

– Eg har tillit til at Senterpartiet som har brukt heile valkampen på å snakke mot sentralisering og for levande bygder, held ord. Dei kan ikkje starte perioden med å legge ned skulen, seier Haugen.

olav@vtb.no