Endeleg fekk Kim Leine koma heim til Noreg og vera ikkje berre ein dansk-norsk forfattar, men òg vera ein del av norsk kulturliv og berre vera ein gut frå Seljord.
Endeleg fekk Kim Leine koma heim til Noreg og vera ikkje berre ein dansk-norsk forfattar, men òg vera ein del av norsk kulturliv og berre vera ein gut frå Seljord.

Kim kom heim

Seljording og vinnar av Nordisk råds litteraturpris, Kim Leine, vart gjort stas på av kommunen på Seljord bibliotek onsdag. – Det er godt å vera ein del av norsk kulturliv, og ikkje berre ein dansk-norsk forfattar, sa Kim Leine sjølv.

Kommunen hadde ordna til ei uformell hending for å gratulera utflytta seljording Kim Leine med Nordisk råds litteraturpris.

– Det er flott at du reknar deg som seljording og held kontakten med nettverket ditt herifrå, sa ordførar Jon Svartdal då han gav blomar til Leine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det fulgte med fleire gode ord òg.

– Eg har lese ein filosof som sa at det handlar ikkje om korleis du har det, men korleis du tar det. Og du har tatt det veldig godt, heldt han fram.

Kim Leine har ei utruleg historie bak seg, som han mellom anna har skrive om i den sjølvbiografiske debutromanen Kalak. Han flytta frå Seljord som København som ungdom, vart misbrukt av far sin, utdanna seg til sjukepleiar, flytta til Grønland og har misbrukt piller.

Etter at ordføraren hadde fått gjeve Kim Leine nokre blomar ville tidlegare skulelærar Else Selmann seia nokre ord om bøkene hans.

– Det var ikkje dette eg tenkte då du gjekk i skulen. Det finst mange elevar som strevar, men ikkje lukkast. Du er ein av dei som har lukkast, fortalde ho.

Ho fortalde om korleis ho hadde lese bøkene hans og hadde mange gode ord å seia om Kim Leine som menneske og som forfattar.

– Det du har gjort krev oppriktigheit, ærlegheit og stor fantasi, og det har du. Men det krev òg hardt arbeid. Du har budd med grønlendarane, lært språket deira og ete med dei. Det er imponerande og krevjande, sa ho.

Kome heim

– Det er godt å koma heim til Seljord. Det er godt å koma til Noreg i det heile. Eg set stor pris på å vera ein del av norsk kulturliv, å lesa frå bøkene for nordmenn. Eg vert alltid omtala som dansk-norsk forfattar, fortalde Leine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han reiste til Grønland i 1989.

– Det var som ein desperado på jakt etter ein ny identitet. Eg ville ikkje vera meg sjølv meir, men finna meg ein heilt ny identitet. Det er ofte difor folk reiser langt vekk, sa han.

– Som Else sa har eg ete med dei og budd med dei, og det er spesielt. Eg merka at folk kalla meg kalak. Dei sa det til meg ved middagsbordet og folk ropte det etter meg på gata. Eg gjekk heim og slo det opp, og såg at det tyda «ekte grønlending». Det gjorde meg stolt, sa Leine.

– Seinare fann eg ut at når brukt i daglegtale tyder det «jævla idiot», men eg tok til meg den identiteten. Det er slik det er å vera forfattar. Du arbeider kvar dag med noko du ikkje kan, fortalde han

Knaustrofobi

Leine skriv om seg sjølv og sin familie. Den fyrste boka handlar om han sjølv og den andre boka hans handlar om farfaren som drap farmora i sjalusi. Den sjølvbiografiske sjangeren er krevjande.

– Knaustrofobi er det som hender med deg når du sit i skrivestova og berre skriv om deg sjølv. All respekt til Knausgård, altså, sa Leine lattermildt.

Etter å ha nytt stor suksess med bøkene sine fekk han eit treårig statsstipend frå den danske staten. Det gav han ro til å jobba med noko større.

– Eg bad redaktøren min om å få skriva ein historisk roman. Han sa berre «nei, det er ingen som les det», men eg skreiv fem synopsis av historiske romanar og han fekk velja eitt av dei. Og den boka skreiv eg, sa Leine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den historiske romanen han enda med å skriva er sett til Grønland på 1700-talet og handlar om presten Morten Falck.

– Det er noko spesielt med lange bøker. For det fyrste tek det lang tid å skriva dei, men det tek òg ei stund å lesa dei, så du får eit forhold til ikkje berre handlinga og karakterane, men sjølve boka og det universet, fortalde han.

Litt stutrande i byrjinga, for det var uvant å lesa høgt på norsk, las han prologen til den historiske romanen Profetene i Evighedsfjorden før han takka for seg.