For Kaisa, som er ihuga Odd-supportar, var det veldig stas å bli overrekt gullbilletten av sitt store førebilete; Odd-målvakt Sondre Rossbach.
For Kaisa, som er ihuga Odd-supportar, var det veldig stas å bli overrekt gullbilletten av sitt store førebilete; Odd-målvakt Sondre Rossbach.

Kaisa skal spele draumekamp

Tysdag fekk Kaisa Vale (11) overrekt gullkonvolutten av sin store helt, Odd-målvakt Sondre Rossbach. I den stod det at vinjejenta er tatt ut til «Drømmekampen» i haust.

– Eg gler meg veldig til å spele kamp, det blir spanande å sjå kor gode dei andre er, seier Kaisa Vale (11).

Kampen ho refererer til er «Drømmekampen» som går av stabelen seinare i haust. 33 barn mellom 8 og 12 år skal freiste lukka mot to eliteseriespelarar i fotball. Barna blir utvald på grunnlag av nominasjonar frå anten foreldre eller andre, og det var Øyvind Kili i Prosjekt Vest-Telemark som hadde nominert Kaisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hovudpersonen sjølv visste ikkje at ho var nominert ein gong, desto mindre at ho hadde blitt plukka ut til å spele kampen – som ein av to spelarar frå Telemark.

– Dagen før me reiste nedover blei Kaisa fortalt ei dekkhistorie – at ho skulle på opptaksprøve i Skien, fortel mor Lill Susan Rognli Vale.

Kaisa spelar til dagleg for Vinje J12, der ho står i mål. Favorittlaget hennar er Odd, og idolet er målvakta deira, Sondre Rossbach. Difor var det stort når det viste seg at den såkalla opptaksprøva gjekk ut på å tevle mot Rossbach i ein straffesparkkonkurranse på Skagerak Arena, heimebanen til Odd.

Dekkhistoria gjekk ut på at Kaisa måtte gjennom ei opptaksprøve, som innebar ein straffesparkkonkurranse mot Odd-målvakt Sondre Rossbach. Vinjejenta imponerte, og vann 3-2.
Dekkhistoria gjekk ut på at Kaisa måtte gjennom ei opptaksprøve, som innebar ein straffesparkkonkurranse mot Odd-målvakt Sondre Rossbach. Vinjejenta imponerte, og vann 3-2.
Etter straffesparkkonkurransen fekk Kaisa overrekt gullbilletten, der det sto at ho skal vere med på draumekampen, og samtidig at opptaksprøva berre var ei dekkhistorie.
Etter straffesparkkonkurransen fekk Kaisa overrekt gullbilletten, der det sto at ho skal vere med på draumekampen, og samtidig at opptaksprøva berre var ei dekkhistorie.

– Det var veldig morosamt å sjå stadion og å møte Rossbach, han er favorittspelaren og førebildet mitt, seier Kaisa.

Beit frå seg

Sjølv om ho eigentleg ikkje trong det for draumekampen sin del, lét ikkje vinbyggjen seg be to gonger då ho tevla mot Rossbach.

– Før dei starta spurde Rossbach diskré produksjonsselskapet som var der om kor mykje han skulle tape med, men då fekk han beskjed at han måtte gi på litt, og det var 2-2 etter dei fyrste skota, forklarer Lill Susan.

– Eg vann til slutt 3-2, det var kjempeartig å slå Rossbach, supplerer Kaisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter sigeren var det tid for å avsløre dekkhistoria for Kaisa.

– Rossbach tok Kaisa med ut til midten av banen og overrekte ein gullkonvolutt. Der sto det at det aldri hadde vore noko opptaksprøve, og at Kaisa var tatt ut til draumekampen. Då blei ho i grunn ganske mållaus, og det har ho vore sidan, humrar mor Lill Susan.

Ikkje berre fotballen

Det var Øyvind Kili som nominerte Kaisa til kampen, og han er naturleg nok godt nøgd med at ho er plukka ut blant dei 33 utvalde ungane.

– Kaisa er ikkje berre ein god fotballspelar, ho har utruleg mange gode kvalitetar utanfor banen også. Ho er dedikert, byr på seg sjølv og er ein veldig viktig aktør i prosjektet på jentesida, seier Kili.

Han understrekar at det er fleire dedikerte jenter i vinjefotballen.

– Eg skulle gjerne vore i stand til å nominert fleire, og det var ikkje eit lett val, men Kaisa tilfører ei så god totalpakke, så ho fortener verkeleg denne moglegheita, slår fotball-leiaren fast.