Det vart eit godt folkemøte om innføring av femdagars skuleveke – men mange ynskte at møtet hadde blitt halde tidlegare i prosessen.
Det vart eit godt folkemøte om innføring av femdagars skuleveke – men mange ynskte at møtet hadde blitt halde tidlegare i prosessen.

Ja til 5-dagarskule, men vent til 2019

Dei folkevalte fekk klokkeklare signal om at dei bør ha ein betre plan før dei vel å innføre femdagars skuleveke. Uvisse knytt til SFO og skyss var to mykje omtala område.

Samlingsrommet på Seljord barneskule var fullsett, og ordskiftet aktivt då ordførar Halfdan Haugan (Ap), kommunalsjef for undervisning Ronde Schade og rådmann Finn-Arild Bystrøm onsdag kveld inviterte til ope møte om innføring av femdagars skuleveke i Seljord frå komande haust. 

I tillegg til føresette, hadde også ei rekkje av dei folkevalte møtt fram for å høyre kva innbyggjarane meiner i saka. Posisjonspartia i kommunestyret i Seljord fekk fleirtal for at administrasjonen skulle arbeide vidare med å legge til rette for innføring av 5 dagars skule frå hausten 2018 for elevane i 1. – 4. klasse – både i Flatdal og Seljord. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Om ordninga blir innført skal dei yngste skulebarna gå kortare skuledagar måndag, onsdag og fredag, – til om lag klokka tolv, medan på tysdag og torsdag blir vanlege skuledagar som resten av dei eldre elevane. Skuleruta vil gå til vanleg tid for alle elevane som har krav på skyss, om lag klokka to. 

Forhasta

For eit par veker sidan skreiv VTB om Sara Fjågesund Aase og Gunhild Flatland som leverte ei underskriftsliste frå 80 foreldre som ikkje ynskjer ei innføring komande haust til ordføraren. 

– Kommunalsjef for skule og oppvekst, rådmann, skuleleiinga og FAU (foreldrerådets arbeidsutval) uttalte seg og meinte alle at det var for tidleg å innføre femdagars skuleveke, då det er veldig mykje som ikkje er på plass. Likevel vedtok kommunestyret å innføre det frå hausten 2018, uttala Sara Fjågesund Aase.

det er de som er tunga på vektskåla i denne saka, uttala Aase.
det er de som er tunga på vektskåla i denne saka, uttala Aase.
Lærar på Seljord barneskule, Tone Langesæter, beklaga at deira uttale i saka ikkje kom før nå. – Me har heile tida sagt kva me har meint, men kommunikasjonen har ikkje vore god nok, uttala Langesæter som saman med heile lærarstaben ved Seljord barneskule er positive til innføring av fem dagar skuleveke.
Lærar på Seljord barneskule, Tone Langesæter, beklaga at deira uttale i saka ikkje kom før nå. – Me har heile tida sagt kva me har meint, men kommunikasjonen har ikkje vore god nok, uttala Langesæter som saman med heile lærarstaben ved Seljord barneskule er positive til innføring av fem dagar skuleveke.

– Underskriftslista handla ikkje om å vere motstandar av femdagars skuleveke, men motstand for å innføre dette frå hausten av, presiserte Flatland på folkemøtet onsdag.

– Til politikarar i posisjon: det er de som er tunga på vektskåla i denne saka, sa Aase. 

Gjennomført «litt baklengs»

Schade gjorde greie for opplegget for femdagars skule og forklara at barna skal gå akkurat like mange timar på skulen som før, men ein spreier timane frå fire til fem dagar. Han innrømte at saka kanskje har blitt gjennomført «litt baklengs» med å fyrst innføre noko, for så å finne ut korleis ein skal innføre det. Men Schade poengterte at ingenting er avgjort i denne saka før kommunestyret har fatta sitt endelege vedtak neste veke. 

Schade er oppteken av at barna skal ha eit godt og stabilt tilbod om SFO i tida etter skulen med godt personale og god kvalitet er viktig. 

Så langt viser kommunen sin plan for organiseringa av fem dagar skuleveke at barn med rett til skuleskyss vil få gratis tilbod om SFO fram til skulebussen går heim, medan andre får høve til å kjøpe dette midttilbodet på lik line som at alle småskuleelevar kan kjøpe SFO plass ut ettermiddagen kvar skuledag.   

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har også arbeidd med å få inn tilbod om kulturskule i skulekvardagen, men det har så langt vore litt krevjande, og me har difor ikkje kome med konkrete tilbod om dette enno. Men me har blitt einige med Seljord idrettslag om å få til ei løysing med fysisk aktivitet som vil bli halde av idrettsstudentar frå Bø. Me vil starte med eit lite tilbod til hausten, og håpar å bygge dette betre og betre etterkvart, uttala Schade. 

Skyss og SFO-forvirring

Etter kommunalsjefens informasjon var fleire foreldre som var frustrerte og usikre på korleis ein i år bør eller skal søkje om SFO-plass, sidan kulturskuletilboda ikkje blir tildelt før på seinsommaren. 

– Om ein får tilbod i kulturskulen, og må seie opp SFO-tilbod blir det så seint at ein må i utgangspunktet betale for den fyrste månaden av eit tilbod ein ikkje vil nytte, uttala ei mor. 

– Det kan nok hende at me må vere meir fleksible på fristar i år, men det burde me klare å fikse. Det er uansett viktig at alle søkjer det ein treng, oppmoda pedagogisk konsulent Tone Bøhn. 

– Og kvifor skal midttilbodet med SFO tre dagar i veka berre vere gratis for dei som har krav på skuleskyss, undra fleire av dei frammøtte.

– Barn som har rett på skyss har sterkare rett på tilsyn, men dette er noko politikarane kan velje å gjere annleis, la Schade til. 

Fleire av foreldra var også oppgjevne over at det ikkje vil vere tilbod om skuleskyss, eller midtskyss heim dei tre korte dagane for barna deira, og bad kommunen sjå på om dette var mogleg å få til. 

– Skikkeleg minus

– Om Seljord kommune skulle koste skyss for desse elevane ville det kunne bli ein kostnad på mellom 650 000 til 700 000 kroner, uttala Schade. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Skyss er viktig, og de må sjå på dette behovet. Når klokka er tolv og barnet mitt er ferdig på skulen vil eg ha barnet heim. Det får Seljord kommune berre betale, uttala Sara Fjågesund Aase.  

– Det er ikkje fyrste året me har planlagt nytt skuleår eller SFO – me har ein viss ide, men eit skuleår er ikkje spikra før ein kjem litt ut på året. Eg skjønner behovet de har for tryggleik og det er mange gode spørsmål som har kome. Men det er vanskeleg å spikre alt og ikkje alt me kan svare på i dag, men me skal jobbe for å finne alle svar, uttala rådmannen

Rådmannen kom også inn på den økonomiske stoda i kommunen.

– Det er ein rettigheit på transport, men eg som rådmann må ha fokus på heile tenestetilbodet i kommunen. Me går i minus i kommunen – me går skikkeleg i minus og brukar sparepengane våre. Må eg bruke 700 000 kroner på ein midtskyss i staden for å vere på SFO så føler eg at det er lite greit. Må eg så må eg – viss politikarane vil så gjer eg det – men eg har tankar om å bruke dei pengane på heilt andre ting, i drift, velferd og utvikling av kommunen, uttala rådmannen. 

Kvifor stresse slik?

– Det er sikkert fornuftig å innføre fem dagars skuleveke og eg støttar det. For meg så betyr også uttala frå lærarane svært mykje. Men kvifor skal de stresse med å innføre det på halvvegs basis? Dette blir også raskt negativt sidan foreldra ikkje er med på lasset – og ungane fangar raskt det negative, uttala Knut Inge Brekka Skoland, som meinte at politikarane ikkje ville tape noko på å vente eitt år.

– Me bør alle tenke over kva førebilete med er, korleis me omtalar denne saka, og kanskje har fleire av oss snakka litt for høgt om meiningane våre. Det fangar barna opp, minna Anne Bente Kasland Groven om. 

– Mange av oss som er innflyttarar er vant med 5-dagarsskuleveke, men eg er einig med fleire av dykk – kvifor haste sånn? Eg er for innføring, men kvifor ynskjer de politikarar å gjere det nå mot alle sine ynske – det bør de ta med dykk, oppmoda Kine Jordbakke.

–  Det er urettferdig at barna våre blir prøvekaninar i eit hastevedtak, og det hjelper ikkje å kalle det korte dagar når dei må vere på skulen likevel, meinte Marita Byggstøyl.    

Artikkelen held fram under annonsen.

– Skule er det noko av det viktigaste me driv med, og me vil ha ein god skule. Me skal ta med alle innspela, uttala ordføraren og takka avslutningsvis for det gode engasjementet frå dei frammøtte og eit godt folkemøte. 

– Gjer dette oftare, inviter til folkemøte og høyr kva innbyggjarane meiner, oppmoda Kine Jordbakke. 

Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak i saka om innføring av 5 dagars skule i Seljord i kommunestyremøte fyrstkomande torsdag 12. april.

Lærarane stør innføring

På folkemøtet vart det kjent at lærarstaben ved Seljord barneskule har sendt ei uttale til dei folkevalte om 5-dagars skuleveke. Lærarstaben meiner at ei endring frå fire til fem dagar skuleveke for dei yngste elevane vil vere eit godt pedagogisk verkemiddel for å auke både læring og trivsel på skulen. 

Lærarane skriv i uttala at elevane ved småskulen har hatt fire lange dagar på skulen med seks undervisningstimar kvar dag for å tilpasse skuledagen til skuleskyssen klokka 14.00. 

– Me har lenge sett at så lange styrte «arbeidsdagar», særleg for dei yngste elevane, har vore krevjande. For 5–6-åringar kan det vere utmattande og lenge å henge med i faste styrte og organiserte skuletimar, motivasjonen kan falle. Hattie (2009) viser at motivasjon har sterk effekt på elevens læring. Me ser at det er særleg vanskeleg for ein del av gutane. På nasjonale prøver er det fleire gutar enn jenter som presterer på lågaste nivå i lesing. 

Vidare skriv lærarane i uttala at: For å gjere skulestarten og overgangen frå barnehage til skule betre for ungane våre, meiner vi at kortare dagar med undervisning fordelt ut på ein ekstra dag, vil vere gunstig – både med tanke på læring og på trivsel. 

– Leik er ein viktig faktor i barns liv og utvikling. Med kortare skuledagar vil leiken, mellom anna på SFO, få betre kår. Leiken har stor eigenverdi, men den fungerer også som avkopling frå konsentrasjon om skulefag. Karen Christiansen ved Noregs idrettshøgskule viser i si doktorgradsstudie at den frie leiken er viktig for barns læring. Forsking viser at kvile og avkopling er like viktig som sjølve læresituasjonen når vi skal lære nye ting. Såleis vil kortare skuledagar for elevane bli ei gunstigare fordeling mellom undervising og læring og leik og avslapping, meinte lærarane.