Der var endeleg kongen av Arktis! Ein ikkje alt for stor isbjørn, men den var likevel imponerande for dei fleste.
Der var endeleg kongen av Arktis! Ein ikkje alt for stor isbjørn, men den var likevel imponerande for dei fleste.

Isbjørn i sikte!

Reisebrev 3 frå Svalbard – 21. -28. juli

Per Stordrange frå Dalen er til dagleg rådgjevar ved Vest-Telemark vidaregåande skule. Frå 2004 til 2007 var han guide, lærar og inspektør på Svalbard. I sommar er han tilbake på øygruppa. I vel seks veker skal han jobbe som guide og ekspedisjonsleiar for utanlandsk ungdom.

Om bord på Ocean Spirit er det folk frå England, Skottland, Tyskland, India, New-Zealand, Sør Afrika og Dubai. Eg er då nokså aleine som nordmann, så det meste av kommunikasjon vert på trønder-engelsk frå mi side. Alle er hjelpsame når eg manglar ord og eg trur at naturen i seg sjølv seier meir enn mine ord kan forklare.

Artikkelen held fram under annonsen.

På tur nummer 2 deltok ei blanding av elevar frå skulen i Skottland og ein god del vaksne. Ein av desse vaksne var her på grunn av bestefar sin. Bestefaren hadde vore her på jobb frå 1919–1920 som geolog for Scottish Spitsbergen Syndicate. Det var då ekstra moro for han å kunne følgje i bestefaren sine fotspor nesten 100 år etter han arbeidde her, og i tillegg sjå områder som Wordikammen, Wordiodden og Wordibukta, alle oppkalla etter bestefaren sine oppdagingar. Når me i tillegg fekk gå ein fottur langs Wordikammen kom nesten tårene fram. For William Wordi har med andre ord dei siste dagane vore særs interessante.

Endeleg – kongen av Arktis

Under vårt besøk i den nedlagde gruvebyen Pyramiden fekk eg tid til å prate med andre som også jobbar med turistar. Eg trefte ein av guidane på ein hurtiggåande rib og fekk høyre at det dei siste dagane hadde vore ein isbjørn på øyane rundt Nordenskioldbreen. Vi var så heldige at vi berre var ein liten time unna. Kursen vart sett rett over bukta og alle var på dekk med kikkertane klare.

Etter om lag 50 minutt vart det ropa «polar bear in sight!». Og der var endeleg kongen av Arktis! Ein ikkje alt for stor isbjørn, men den var likevel imponerande for dei fleste. Alle tok opp kamera, og sjølv om dei fleste berre fekk ein liten prikk på biletet sitt, var dette altså den fyrste isbjørnen dei såg. Vi vart etter kvart merksame på ein kajakkpadlar som nærma seg og fekk åtvara om at det var isbjørn i området.

Lite søvn og privatliv, mykje rutinar og strenge reglar kring tryggleik, trongt om plassen, men også mykje godt kameratskap pregar ein dag om bord på ein seglbåt. Elevane har budd og jobba saman i nesten 3 veker sidan dei drog frå Skottland. Vaktene er dela mellom segling, matlaging, vask og søvn. Dei kan vere på frå 2-4 timar i strekk. Når ein har gjort dette gjennom lang tid veit ein ikkje kva tid på døgnet det er, og ein har heile tida lyst til å sove. Underskotet på søvn er stort. Ein prøvar då å få lagt inn litt kortare etappar for å snu døgnet tilbake att. Det mannskapet har opplevd her er at avstandane er store og at ting som regel tek lengre tid enn vi hadde tenkt.

Vind som framkomstmiddel

På turane rundt Svalbard må ein av og til bruke motor. Vinden tek oss ikkje alltid dit vi ynskjer og vi har ikkje all verda av tid. Eg har sjølv lite eller inga erfaring med båt, men nyt dei stille tidene når ein går med segl oppe. Dette set ein difor stor pris på. Det å kunne nytte vind som framkomstmiddel får tankane til å gå til Willem Barentz som segla hit for fleire hundre år sidan. Vi veit i alle fall kor vi er og har gode instrument å navigere med. Vi opplevde likevel at GPS og gode sjøkart ikkje er like mykje å stole på når vi kom nord for 79 grader nord. Då måtte kompass, linjal og anna manuelt navigasjonsutstyr fram.

Ungdomen om bord saknar også familien og det å ha kontakt med omverda via mobil. For dei fleste unge er mobiltelefonen ein naturleg del av kvardagen; dei sender og tek imot informasjon og bilete via Snap og Instagram gjennom heile dagen. På reisa til og frå Svalbard og medan dei er om bord på tur med båten er det lite eller ingen kontakt med omverda. Gleda ved å få tilgang til 4G og gratis WiFi i Longyearbyen var derfor stor. Det peip og blinka i dei fleste telefonane når vi kom i land. Telefon frå dei heime gjer at fleire vil sitje litt for seg sjølve. Mange kjem også tilbake med ei lita tåre i augnekroken. Kampen om dei få ladepunkta om bord på båten er stor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gleda av ein kopp te

Ute er det kaldt med snø i lufta. Du veit at vakta di er på 4 timar og har teke på det meste av det du har av klede. Likevel kjenner du kulda kjem etter ikkje så lang tid. Når då ein av ungdomane stikk hovudet opp frå byssa og spør om nokon har lyst på ein varm kopp med te, vert gleda stor. Denne koppen gjev både varme til fingrane og varme innvendig. Her på båten er det alltid slik at dei som er ute på vakt får mat fyrst og mange tilbod om varm drikke. Regelen er at du må alltid ta godt vare på dei som styrer båten. Ed har og sitt eige svar på det å få varmen att etter ein lang vakt ute, og seier stolt; «min beste ven på denne turen er ei store varmeflaske. Ingen ting gjev varmen så raskt tilbake», og fyller opp den mjuke flaska før han krabbar ned i soveposen.

Per Stordrange