Inga Xiao Breiland (14) frå Åslandsgrend i Fyresdal har vore journalist i Vest-Telemark blad i arbeidsveka.
Inga Xiao Breiland (14) frå Åslandsgrend i Fyresdal har vore journalist i Vest-Telemark blad i arbeidsveka.

Inga (14) testa journalistyrket

Via arbeidslivsfag på ungdomstrinnet ved Gimle skule i Fyresdal har elevane i 9. klasse denne veka vore ute på arbeidsplassar for å prøve seg i ulike yrke.

Vest-Telemark

Inga Xiao Breiland (14) frå Åslandsgrend har vore journalist i VTB denne veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde lyst til å vere journalist sidan det verka gøy og spennande. Og det er moro å prøve noko nytt, seier 14-åringen.

I løpet av veka har Inga vore ute for å møte menneske og gjere intervju, og ho har vore i avishuset for å fylgje produksjonen av to VTB-utgåver.

– Og eg har tatt bilete og skrive. Det har vore ei veldig morosam veke, men det var kanskje meir arbeid enn eg hadde trudd å lage avis, seier ho.

Inga fortel at dei hadde utplassering i ei bedrift i samband med skulefaget i to dagar i fjor. Men ho meiner ei heil skuleveke var betre.

– Då fekk eg sjå litt meir om korleis jobben var, og korleis journalistane arbeider, seier ho.

tone.tveit@vtb.no