Martine Heimdal Pedersen, Regine Hesthagen Heimdal og Sigrud Asle Heimdal
Martine Heimdal Pedersen, Regine Hesthagen Heimdal og Sigrud Asle Heimdal

– I dag skal eg kaste pengar

Lårdølane inviterte til noregsmeisterskap i å kaste på stikka for tiande gong – og små og store prøva lykka på jakt etter flest mogleg poeng.

90 deltakarar møtte fram då noregsmeisterskapen i å kaste på stikka blei arrangert i Lårdal sundag. Stikka-general Karl Torstein Hetland, seier at deltakartalet var litt under middels, men at han var godt nøgd med oppmøtet på publikumssida.

Ein av dei yngste deltakarane var Martine Heimdal Pedersen (3) frå Kviteseid. Ho tok skikkeleg i for å få av stad dei blanke myntane mot både strek, pyramide og stikke, som er dei tre greinene det blei tevla i.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I dag skal eg kaste pengar, fortalde 3-åringen kry før tevlinga tok til.

Tett på stikka

Ein av deltakarane som viste at han har kasta på stikka før, var den utflytte lårdølen Arne Strand. Han er leiar i Stikka-klubben i Skien og starta tevlinga sundag med å bli kåra til meistarenes meister då Hetland inviterte alle dei tidlegare noregsmeistarane til duell i å kaste på pyramide.

– Eg vil takke Karl Torstein Hetland for at han tok initiativ til å starte NM i å kaste på stikka for ti år sidan. Det er eit hyggeleg arrangement som samlar mykje folk. Nå som du gjev deg i arrangørstaben vil me sakne deg, sa Strand og gav Hetland ein blom.

NM i kaste på stikka i Lårdal 2017. 
Leiar i stikkaklubben, Arne Strand, takkar NM på stikka-general, Karl Torstein Hetland, for innsatsen gjennom 10 år.
NM i kaste på stikka i Lårdal 2017. Leiar i stikkaklubben, Arne Strand, takkar NM på stikka-general, Karl Torstein Hetland, for innsatsen gjennom 10 år.
Arvid Rinden (t.v.), Svein Ove Jakobsen, Alfred Selstø, Arne Strand, Reidar Andersen og Bjørn Ragnar Bjerk møttest til duell i pyramide. Strand sikra seg meistertittelen med flest poeng.
Arvid Rinden (t.v.), Svein Ove Jakobsen, Alfred Selstø, Arne Strand, Reidar Andersen og Bjørn Ragnar Bjerk møttest til duell i pyramide. Strand sikra seg meistertittelen med flest poeng.

Strand har dei siste åra kome tilbake til heimbygda for å vere med på NM kvart år, og han hugsar dei fyrste gongene han sjølv var med å kasta 5-øringar på stikka.

– Eg minnest folk kom ut til Sjausel på sundagane då det vårast for å vere i sola og kaste på stikka. Eg var truleg bare 3-4 år den fyrste gongen eg var med, smiler han.

Neste tevling for Strand og andre stikka-interesserte er Skiensmeisterskapen 28. Mai. Då vil han gjerne ha vesttelane på besøk.

Her kan du sjå fleire bilde frå NM i Lårdal