Hytte i Flatdal brann nesten heilt ned til grunnen

REMSÅS: Sundag kveld meldte politiet om ei hytte i Flatdal som stod i full brann.

Like etter halv ni fekk politiet melding om ein hyttebrann i Flatdal. Naudetatar var på veg før klokka ni, skriv politiet i Sør-Aust på Twitter. 

Etter kvart blei det klart at hytta ligg på Remsås, og at den har brunne nesten heilt ned. Det var ein mann til stades på hytta då det begynte å brenne.

– Mannen som var på hytta seier han var på veg ut på do, og at han såg det brann inne i hytta då han snudde seg, melder politiet vidare. 

Det er førebels ikkje klart kva som har forårsaka brannen. 

#Flatdal melding om brann i en hytte på fjellet, foreløpig ikke eksakt sted. Hytta ligger langt fra vei. Nødetater på vei

— Politiet i Sør-Øst (@politietsorost)March 31, 2019