Det nye fylkesvåpenet inneheld rosemåling og Klåstadskipet.
Det nye fylkesvåpenet inneheld rosemåling og Klåstadskipet.

Her er det nye fylkesvåpenet vårt

Vikingskip og rosemåling skal representere fylket Vestfold og Telemark.

Ei nokså samstemt fellesnemnd valte i dag nytt fylkesvåpen for Vestfold og Telemark fylke. 

Viss fylkestinga i dagens to fylke er einige i tilrådinga når dei skal behandle saka i desember, blir det Klåstadskipet og rosemåling som skal representere Vestfold og Telemark fylkeskommune frå 2020.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blant 250 innsendte forslag frå innbyggjarane var det til slutt tre alternativ fellesnemnda kunne stemme på i dag.

I tillegg til Klåstadskipet var det ei bølgje med akantus og ei løve med sigerfane.

I tråd med kommuneloven er det fylkestinga som har siste ord i saka. Fylkestinget i Telemark behandlar saka 5. og 6. desember, medan fylkestinget i Vestfold behandlar saka 13. desember.