Vikarierande kommuneoverlege i Seljord kommune, Kine Jordbakke, åtvarar folk mot å drikke vatn frå bekkar og elvar i Åmotsdal.
Vikarierande kommuneoverlege i Seljord kommune, Kine Jordbakke, åtvarar folk mot å drikke vatn frå bekkar og elvar i Åmotsdal.

Harepest oppdaga i Åmotsdal

Kommuneoverlegen i Seljord kommune åtvarar folk mot å drikke vatn frå bekkar og elver etter at det er funne tre døde harar med pest i Åmotsdal.

– Det er funne tre døde harar som har fått påvist pest i Åmotsdal. Harane blei funne to kilometer sørvest for Angre ved Skeie, seier vikarierande kommuneoverlege i Seljord, Kine Jordbakke.

Ho fortel at det er meldt om harepest fleire stadar i Noreg. Ho kjenner ikkje til at menneske er smitta av harepest i Seljord nå, men tidlegare år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommuneoverlegen vil åtvare folk mot å drikke vatn frå elver og bekkar i området harane blei funne.

– Det er ein bakteriell sjukdom, og skulle ein bli smitta kan ein bli behandla med antibiotika. Harepesten kan gje hare, kanin, lemen og mus ein infeksjon som dei døyr av etter to til fire dagar. Det er difor lurt at ein sjekkar at det til dømes er tett inn til brønnen på hytta eller liknande, seier Jordbakke.

Kommuneoverlegen seier at det ikkje er fare for det kommunale drikkevatnet i Åmotsdal.

– Dette vatnet er kontrollert, stadfestar ho.

– Korleis kan menneske merke at dei har blitt smitta av harepest?

– Det er ikkje så lett å oppdage sidan den har mange symptom og det går over tid. Ein kan til dømes få feber, halsbetennelse, hovne ymfeknutar eller hovne kjertlar på halsen, byllar og sår, seier Jordbakke.

- Infeksjon hos gnagarar som også kan smitte til menneske.

- Menneske kan bli smitta ved å vere i direkte kontakt med gnagarar eller avføringa deira, indirekte via forureina drikkevatn eller via bitt frå insekt eller flått.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ved mistanke om smitte i drikkevatnet, kan ein koke det for å fjerne bakteriane.

- Det er aldri observert smitte mellom menneske.

- 20–50 menneske blir smitta årleg av harepest Noreg.

Kjelde: Norsk elektronisk legehåndbok