Guro Sundbø Storrusten og programleiar Tom Stiansen framfor Lindesnes fyr.
Guro Sundbø Storrusten og programleiar Tom Stiansen framfor Lindesnes fyr.

Guro skal kjempe seg opp mot Nordkapp

FLATDAL: Når «71 grader nord» returnerer om eit par veker er Guro Sundbø Storrusten (25) med som deltakar.

– Eg er på loffen no, det er på ein måte det eg driv med, seier Guro Sundbø Storrusten frå Flatdal på telefon. Ho har vore i Lofoten dei siste vekene, og har for høvet forlate teltet sitt og haika inn til Henningsvær for å lade mobilen.

I går avslørte den aktive og verdsvane flatdalsjenta på Instagram og Facebook at ho er ein av deltakarane i årets sesong av «71 grader nord» på TVNorge. 

Artikkelen held fram under annonsen.

«ENDELEG kan hemmeligheten røpas!! Eg var aldri i New Zealand tidlegare i år, eg dreiv nemleg å kava meg rundt i Norges flotte natur med 13 andre skrullehuer! Første episode av 71 grader nord blir vist på TVNorge 11. september 20.30. Følg med!», skreiv ho under eit bilde av seg sjølv og programleiar Tom Stiansen framfor Lindesnes fyr, der startskotet for turen alltid går.

– Me spelte inn i rundt fem veker i april og mai i vår, og no kan eg endeleg fortelje det. Det har vore veldig vanskeleg å halde det hemmeleg.

– Korleis fann du ut at du ville melde deg på?

– Eg måtte finne på eitt eller anna. Det siste året har eg vore på loffen rundt i verda. Eg køyrte til Mongolia i fjor sommar og vandra i Nepal og Himalaya. Då eg kom ned att derfrå så sjekka eg Facebook i Katmandu, og der såg eg at 71 grader nord søkte deltakarar. Eg tenkte: «Ja, søren heller. Eg søker», seier Storrusten.

Laug om New Zealand

Ho hadde ingen plan. Alt ho visste var at ho ville halde fram med å reise og oppleve nye stader. Då passa realityserien godt.

– Livet bestod ikkje av nokre konkrete planar der og då, og det var rundt same tida eg fann ut at eg skulle reise heim på overraskingsbesøk til jol, fortel Storrusten.

– «Hei, mamma, eg skal vera med å hente joletre».

Etter jol blei ho heime nokre veker, og midt i januar sjekka ho ulest e-post. Ho hadde gløymt vekk heile søknaden, og såg til si overrasking at produksjonen hadde prøvd å få tak i ho og kalle ho inn til intervju – to gonger.

Artikkelen held fram under annonsen.

–  Eg drog på intervju, og følte at det gjekk ganske greitt, så då fann eg ut at eg berre fekk vera heime litt. Eg flytta inn på jenterommet heime, og jobba litt i Seljord. Backup-planen min viss eg ikkje kom med var at eg ville reise til New Zealand.

Bakcup-planen fekk ein annan funksjon enn Storrusten fyrst hadde tenkt.

– Mamma jobbar i barnehage og pappa på kommunehuset, så ryktene gjekk fort om at eg var med i søknadsprosessen, ler ho.

– Då tenkte eg at eg måtte ha ein dekkplan viss eg faktisk kom med. Og det gjorde eg jo. Så eg laug og sa at eg ikkje kom med, og at eg difor hadde bestemt meg for å reise til New Zealand i staden. Eg hadde ei venninne som jobba med å poste bilder på Instagram av at eg reiste rundt på New Zealand medan innspelinga fann stad, seier ho lurt.  

Blir verande i Lofoten

I «71 grader nord» kjempar Storrusten mot 13 andre deltakarar om å vera fyrstemann i mål på Nordkapp. I kvar episode får deltakarane tøffe utfordringar, både fysisk og psykisk. 

– Korleis var det å delta?

– Me fekk gjort veldig mykje rått. Det var verkeleg kjempemoro å vera med. Det er tungt, kanskje tyngre enn eg hadde venta, så eg trur erfaringa mi frå Forsvaret kom godt med, seier Storrusten, som har fyrstegongsteneste, befalskule og to år som sersjant bak seg.

Om to veker startar programserien på fjernsyn, og Storrusten gler seg veldig til å sjå resultatet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har berre fått sjå fyrste episode, så eg er spent på resten. Eg ville eigentleg ha reist lenger no, men så lenge ting skjer på fjernsynet så må eg halde meg her. Det nyttar ikkje å sitje i Tanzania då.

Storrusten har difor planar om å bli verande i Lofoten ei god stund til. Ho skal berre heimom ein liten tur fyrst.

– Familiehunden er dårleg, så eg må heim og ta farvel. Så skal eg pakke med meg meir og kome tilbake hit. Då vil eg gå aktivt inn for å finne meg ein jobb. No har eg berre kosa meg, vandra i fjellet og tatt dagane som dei kjem. Eg har møtt så mange kule folk og opplevd mykje artig. Eg har lyst til å prøve å surfe, så kanskje eg kan få meg jobb på surfeklubben her, til dømes. Eller kanskje eg endar opp bak ein bardisk. Men det er ikkje den verste staden å vera det heller, seier Storrusten fornøgd.