Dette bildet pryda framsida på vekebladet Urd den 16. mai 1953, altså for 65 år sidan. Bildet syner systrene Ingebjørg (t.v.) og Magnhild Ullsvik i tunet heime på Ullsvik på Mogane. (Kopi av framsida til Urd)
Dette bildet pryda framsida på vekebladet Urd den 16. mai 1953, altså for 65 år sidan. Bildet syner systrene Ingebjørg (t.v.) og Magnhild Ullsvik i tunet heime på Ullsvik på Mogane. (Kopi av framsida til Urd)

Fotogene ungjenter på framsida

To unge jenter frå Mogane pryda framsida til vekebladet Urd den 16. mai 1953. «Ingeborg og Magnhild i sine vakre bunader. Fra Grungedal, Vinje, Telemark», lyder bildeteksten.

Vekebladet Urd var i si tid eit vekeblad som hadde kvinnelege lesarar som målgruppe. Bladet hadde ein kristen profil, og det vart skrive mykje om kunst, kultur, folkeopplysing og familiært stoff. Bladet starta alt i 1897 og siste utgåva kom i 1958. I 1953 kosta bladet 60 øre.

Kven?

Kven var så desse to unge, vakre jentene som smilte blygt på framsida til det gamle vekebladet – fotografert av ein Knut Andersen? I alle fall er det namnet som står som fotograf.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gode kontaktar i området sytte for å ta nokre telefonar, og dermed fekk VTB svaret på kven dei to er. Me fekk også vite at den yngste av dei to, Magnhild, no bur i Oslo, medan Ingebjørg er død.

– Eg hugsar godt det bildet, men det var Sverre Rodin som fotograferte. Det er eg hundre prosent sikker på. Han budde i området og fotograferte vel nesten alle barn og unge i heile Grungedal på denne tida, seier ei stemme over telefonen på klingande vinjemål.

Flytta tidleg

Magnhild Ullsvik, etter kvart med tilføying av Hansteen, flytta frå Mogane som 19-åring, og ho kjenner til at bildet var på trykk i Urd.

– Det var ikkje så mykje å ta seg til på Mogane, og skulle ein få seg utdanning måtte ein ut. Slik eg hugsar det fekk me tilsendt akkurat dette vekebladet i posten, fortel ho.

Heime

Hansteen hugsar godt kvar fotografiet blei teke. 

– Me er fotografert heime på tunet på Ullsvik på Mogane. Eg kjem ikkje heilt i hug når det var, men eg trur kanskje det var ei tid før bladet kom ut. Kan hende er derfor det står eit anna fotografnamn. Men eg var i alle fall konfirmert, sidan eg har på meg bunad. Det var slik at me fekk bunad til konfirmasjonen, og eg blei konfirmert i 1951, seier Hansteen, som er fødd i 1936.

Systera på bildet var fødd i 1935, og ho døydde i januar 2011.

– Ho heitte Ingebjørg, ikkje Ingeborg slik det står skrive. På bildet ser me eit uthus der hesjestaurane er lødde opp langs den eine veggen. Det var torvtak på det uthuset, og eg kjem i hug at det var i dårleg forfatning. Geitene hoppa opp på taket og beitte, men dei ramla gjennom taket, så det enda med at pappa reiv og fjerna heile bygget. Hesjestaurane flytta han ned til løa, hugsar Magnhild.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mest i Oslo

Ho tok utdanninga si i Oslo, og jobba både innan skuleverket og helsevesenet.

– Eg har også jobba som omsetjar, og eg har skrive litt, seier ho.

– Det er ikkje mykje riksmål i dialekta di?

– Nei, eg held kontakten med Vinje, og når eg snakkar med bygdefolk er det vinjedialekta som tel. Eg har elles levd mesteparten av livet mitt i Oslo, seier Hansteen på telefon frå Oslo.