Ei helg i februar blei det observert totalt 163 rein i Våmur-Roan villreinområde. Fylkesmannen i Agder gjev tilskot til flyginga, som også denne gongen blei utført av nissedølen Stian Solberg i Fonnafly. (Privat foto)
Ei helg i februar blei det observert totalt 163 rein i Våmur-Roan villreinområde. Fylkesmannen i Agder gjev tilskot til flyginga, som også denne gongen blei utført av nissedølen Stian Solberg i Fonnafly. (Privat foto)

Færre reinsdyr enn på lenge

Våmur-Roan villreinlag si teljing i vinter viser eit dyretal som gjev forslag om nesten halvering av fellingskvoten til hausten. I halve villreinområdet blei det observert berre eitt dyr.

Våmur-Roan villreinområde er på 408 000 dekar, ligg i Nissedal, Fyresdal og Kviteseid, og strekkjer seg frå Roan til fjellet vest for Treungen. Målet til villreinlaget er ei vinterstamme på om lag 200 dyr.

Etter jakta i 2015 vurderte laget vinterstamma til fortsatt å vere på eller over 240 rein, etter både teljing frå helikopter og andre observasjonar. Tal frå sett rein-skjema og fellingsprosenten hausten 2016 og innrapportera observasjonar gjorde at vinterstamma ut mot våren 2017 fortsatt blei rekna til om lag 240 dyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

Helga 17. og 18. februar i år var det ny teljing frå helikopter, og det blei funne og tatt bilde av totalt 163 rein.

– Det var flotte forhold for leiting, men me sleit litt med tåke og måtte derfor ha to dagar. Me fann vel dei reinsdyra me trur finst, seier Inge Audun Dahle, leiar i villreinlaget.

Vidare blei det sett mange elgar, nærare 100 meiner Dahle.

– Når me ser spor må me sjå nærare etter om det er rein, men så er det elg, seier han.

Auke stamma

Største reinsflokken blei sett på Roan og var på 71 dyr. På området sør for Napevatn, om lag halve villreinarealet, blei det funne berre eitt dyr.

– Ei simle gjekk og vasa heilt nede ved vatnet på Valebjørg. Utruleg rart at me fann berre éin rein sør for Napevatn. Me lurar på om rein kan ha trekt over fylkesvegen og ut av terrenget sørover, seier Dahle.

Tidlegare er det sett små reinsflokkar på mellom anna Tjønnefoss, eit stykke sør for villreinområdet, og det er også observert dyr på Heimdalsheia mot Gautefallheia.

Av dei 163 reinsdyra som blei observert frå helikopter sist februar, var det 30 bukkar, 27 kalvar og 96 simle/ungdyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

Resultat frå sett rein-skjema, sist fellingsprosent og fasiten etter teljinga frå helikopter gjer at styret i villreinlaget meiner vinterstamma no er på om lag 170 dyr. Styret meiner derfor ein må redusere uttaket for å auke stamma noko framover. Forslaget til årsmøtet i villreinlaget er ein fellingskvote på 50 rein til hausten, 30 færre enn dei siste åra. Etter at årsmøtet har uttala seg, skal Villreinrådet godkjenne ein søknad om fellingsløyve for komande haustjakt.

Skyt få kalvar

Av kvoten på 80 rein i Våmur-Roan blei det felt 64 i 2015, 60 i 2016 og 50 i fjor. Både i 2016 og 2017 var tildelinga av kort slik; 21 frie dyr, 26 simle/ungdyr og 33 kalvar. Berre 17 kalvar blei felt sist haust, vidare 14 bukkar og 19 simle/ungdyr.

Gjennomsnittsvekta på felt kalv sist haust var 21,4 kilo, ungdyr bukk 37,9 kilo, ungdyr simle 32 kilo, vaksen simle 35,9 kilo og vaksen bukk 68 kilo.

Jaktstart i 1992

I 1992 blei det opna for prøvejakt på ti rein for å sjå om det var tilrådeleg med ordinær jakt framover i Våmur-Roan. 25. august det året blei historisk for Nissedal, då fyrste reinen blei felt i kommunen.

Året etterpå blei det opna for vanleg jakt på det totalt 408 000 dekar store arealet. Det har ein god del år fram til no vore samjakt i heile villreinområdet frå fyrste jaktdag, ei løysing villreinlaget ser som naudsynt om ein skal få effektivt uttak av dyr.