Thea Veum (t.v.), Nora Aas Lund, Annbjørg Haug, Camilla Aamlid Aas og Tuva Austjord tek bussen frå Fyresdal. Dei er svært misfornøgde med skuleskyssen etter at Vy overtok. Bussen blir full når dei kjem til Skafså, og då må elevar sitje eller stå i midtgangen. – Ein kjenner seg ikkje trygg, seier Camilla Aamlid Aas. 		                   BEGGE
Thea Veum (t.v.), Nora Aas Lund, Annbjørg Haug, Camilla Aamlid Aas og Tuva Austjord tek bussen frå Fyresdal. Dei er svært misfornøgde med skuleskyssen etter at Vy overtok. Bussen blir full når dei kjem til Skafså, og då må elevar sitje eller stå i midtgangen. – Ein kjenner seg ikkje trygg, seier Camilla Aamlid Aas. BEGGE

Elevane er frustrerte over skulebussen

1. juli overtok Vy for Telemark bilruter. Eit par veker inn i skuleåret er rekka av frustrerte og fortvila skuleelevar på Vest-Telemark vgs. lang.

– Tilbodet har blitt mykje dårlegare. Skulen har lagt timeplanen opp slik at me kan reise heim tidlegare nokon dagar, men nå kjem me oss ikkje heim fordi bussen som går er så liten at det berre er to, tre ledige plassar igjen. Då må me vente til neste buss, seier Nora Aas Lund frå Fyresdal.

Skulen har lagt til rette for at elevar som har fordjuping i breiddeidrett kan reise heim tidlegare nokre dagar fordi dei til dømes driv med hest. Men sjølv om undervisninga er ferdig 12 eller 13, må dei nå vente til over 15.00 før det kjem ein buss med plass til dei. Vy brukar ein liten buss til ruta som går før ordinær skuleslutt, og det er derfor knapt om plassen. Ofte er det ti elevar og to-tre ledige plassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gruar seg til å ta bussen

Torunn Slåtta Flothyl bur i Haukeli og brukar om lag 1 time og 20 minutt ein veg.

– Nå gruar eg meg til å ta bussen, det gjorde eg aldri før. Seta er harde, det er trongt. Det er bybussar og heilt greitt om ein skal sitje på i fem-ti minutt. Dessutan kjem bussen vår om lag eit kvarter for seint kvar dag, og eg er ikkje heime før 16.30, fortel Torunn.

Bussen som vidaregåandeelevane frå Fyresdal tek, er den same som grunnskuleelevane som går på Dalen skule tek. Jentene fortel at det då ikkje er nok sete til alle.

Lærar Erling Karlsen (t.v.) og administrativ leiar Geir Ekre ønsker eit godt tilbod for elevane.
Lærar Erling Karlsen (t.v.) og administrativ leiar Geir Ekre ønsker eit godt tilbod for elevane.

– Bussen byrjar å bli full rundt Skafså og dei som kjem på etterpå må stå eller sitje på golvet. Ein kjenner seg ikkje trygg på bussen, seier Camilla Aamlid Aas.

– Eg spurte om eg kunne stå i bussen fordi den var full. Eg ville heller koma meg heim, men då fekk eg beskjed om at det ikkje var lov, men når dei små grunnskuleelevane ikkje får plass er det visst greitt, seier Nora.

Ho og skulekameratane frå Fyresdal må bytte buss i Krossli. Der må dei vente på rutebussen som kjem frå Seljord. Slik var det før også, så det er dei vant til, men i haust var det ei hending då bussen køyrde rett forbi.

– Sjåføren var ikkje kjent og såg ikkje i vår retning. Eg følgde med og me sprang etter bussen og veiva med hendene, men han såg oss ikkje, fortel Nora.

Då hadde dei alt venta i 25 minutt, og var 2,5 mil heimanfrå.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hadde eg visst at det var så dårleg hadde eg bytta skule, seier Tuva Austjord.

Og det er akkurat det dei tilsette fryktar.

– Bekymringa er at me får eit dårlegare tilbod som gjer at me kan få færre elevar på sikt, meiner rådgjevar og lærar Per Stordrange.

– Elevane som går på skule i Grenland og Vestfold har eit heilt anna tilbod, der går det jo bussar heile tida, og det blir så frykteleg urettferdig. Ein elev her er like mykje verdt som ein elev der, meiner lærar Erling Karlsen.

– Innkøyringsutfordringar

– Bussane er ikkje bybussar. Alle sete har belte og vender rett veg, opplyser rådgjevar for kollektivtransport i fylkeskommunen, Tore Felland Storhaug.

Ifølge Storhaug var det ved to høve elevar som hadde ståplass frå Skafså, men at det nå er løyst fordi nokon av elevane har flytta til Dalen og det er sett inn ei drosje i tillegg til bussen.

– Nå er fyrsteprioritet at det ikkje skal vere ståplassar på avgangen til Rauland. Me kjem til å sjå på kapasiteten på bussen til Fyresdal, men det blir kanskje fyrst etter haustferien.

Storhaug seier at det var venta utfordringar knytt til skulestart og overgangen til ny leverandør.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fredag skal me ha møte om skuleskyssen i Kviteseid og Høydalsmo for den er ikkje bra nok i dag, seier han.

kari.s@vtb.no