Kommunestyrepolitikarane tok til seg innspel frå tidlegare politimeister Geir Sønstebø i saka om lensmannsstruktur.
Kommunestyrepolitikarane tok til seg innspel frå tidlegare politimeister Geir Sønstebø i saka om lensmannsstruktur.

Ekspolitimeister i strukturdebatt

Nissedal kommunestyre lytta til innspel frå tidlegare politimeister Geir Sønstebø før politikarane sa nei til eitt lensmannsdistrikt i Vest-Telemark.

Før lokalpolitikarane torsdag handsama saka om samanslåing av lensmannskontor i Vest-Telemark, innleia Geir Sønstebø frå Kommunanes sentralforbund (KS). Sønstebø har bak seg 25 år i polititenesta, 13 av dei som politimeister.

Sønstebø minna fyrst om at KS skal gje råd, og ikkje pålegg og direktiv. KS jobbar med saker som lensmannsstruktur fordi organisasjonen er oppteken av å ha trygge lokalsamfunn og førebygging av kriminalitet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sønstebø såg tilbake på politireforma for rundt 10 år sidan og det som stortinget sa er grunnleggjande; ein desentralisert politistruktur med styrking av lensmannskontora.

– Stortinget vektlegg nærleiken til publikum, sa Sønstebø om politistrukturen.

Førebygging og borgarvern

Han meinte Nissedal kommune er i ein unik situasjon fordi politikarane skal høyrast i saka om ny lensmannsstruktur, og har ein reell moglegheit til å påverke prosessen. Sønstebø påpeika at det er eit politisk spørsmål om korleis samfunnet skal utviklast. Vidare opplyste han at det endelege vedtaket ikkje skjer administrativt i politiet, men saka blir avgjort av regjeringa og Kongen i statsråd. I tillegg sa han at den enkelte kommune må krevje å få vite kva tilbodet blir ved samanslåing.

Sønstebø kom inn på kva kommunen bør vere oppteken av i struktursaka. Responstida til politiet er viktig, og det same er servicetilbodet til innbyggjarane.

– Kva skjer med førebygginga? Då er kommunen ein heilt sentral samarbeidspartnar. KS er bekymra over kva som vil skje med førebygginga om lensmannskontor blir slått saman, sa Sønstebø.

Vidare peika han på nærpolitiet og det viktige med lokal forankring til politiet.

– Eg er bekymra om politiet fyrst kjem når det skjer noko. Det er ikkje der du byggjer tillit, sa han, klar over det uynskte at det kan byggast opp tendensar til borgarvern om kontor forsvinn.

Krev saka tilbake

I ein prosess for å behalde lensmannskontoret tipsa Sønstebø kommunen å vurdere om det er rom for billigare husleige, og om lensmannskontoret kan vere på kommunehuset. Vidare kunne ein diskutere opningstida for kontoret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har ikkje klare råd om de skal gå for samanslåing eller ikkje, for det er politikk. Ein fare ved samanslåing er at nærpolitiet blir svekka, førebygginga, lokale forankringar og lokalkunnskap, oppsummerte Sønstebø.

Det har fram til no ikkje vore tradisjon for å slå saman lensmannskontor utan at det er semje med kommunane. Spørsmålet er om denne tendensen vil halde fram. Nissedalordførar Anne-Nora Oma Dahle (Sp) vil behalde dagens lensmannsstruktur med kontor i Treungen og der Nissedal har politisamarbeid med Vestmar (Drangedal og Kragerø).

– Me skal tenkje på kva som er best for Nissedal og innbyggjarane, sa ho, og las tilrådinga si om ikkje å slutte seg til innstillinga til samlokalisering og omorganisering til eitt lensmannsdistrikt i Vest-Telemark.

Kari-Anne Nordbø (Sp) undra på om det ikkje kunne vere lurt med eit tillegg i framlegget. Sønstebø gav råd som var i tråd med tanken til Nordbø. Øyvind Tveit (KrF) lika også rådet og på bakgrunn av det kom han med dette framlegget som fekk samrøystes tilslutting: «Nissedal kommune føreset at Justisdepartementet opprettheld praksisen om at det skal vere semje kommunane imellom for at det skal skje endringar i strukturen. Om så ikkje skulle vere tilfelle, krev Nissedal kommune å få saka til ny høyring».

– I politireforma blei det gjeve klare signal om å oppretthalde lensmannskontora. Derfor er det beklageleg at det kjem ei slik sak som dette no, la Tveit til før ei samrøystes uttale inkludert framlegget til ordføraren blei klubba inn.