– Då me fekk overtaket på den lokale annonsemarknaden, var laurbærkransen vår. Tore Skaug ser tilbake på 20 år med suksess for VTB.
– Då me fekk overtaket på den lokale annonsemarknaden, var laurbærkransen vår. Tore Skaug ser tilbake på 20 år med suksess for VTB.

Eit møte på storerunden

Han og kona Ane går av og til turen dei kallar storerunden. Den største runden gjekk han som redaktør i Vest-Telemark blad i tjuge år.

Utpå laurdagskvelden lura me på kvar me skulle overnatte. «Sjå òkkòn» var svaret. Kvar er det, eit pensjonat eller noko, lura me ...

Me ringjer Tore Skaug. Han som i 1973 tok på seg redaktøransvaret for det som ikkje fanst, og det ingen heilt visste kva skulle bli:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vest-Telemark blad er førti år i år. Har du lyst på ein prat om avisa, og om korleis det var å gå får ein trygg jobb som journalist i Arbeideravisa i Trondheim, til ein jobb i ei avis som enno ikkje fanst? – Eg har kje akkurat lyst ... – Me tenkte me kunne gå til ein stad der du og Ane går tur, øvst i Tveitgrend?

– Eg innser at eg må stille opp ...

Lokalhistorie

Me svingar opp Tveitgrendvegen – derer det svingar – og treffer Tore og Ane utanfor det raude huset i den vesle huskrullen med tre hus. I Longyearbyen har dei spisshus. Det er eit passeleg namn på dei tre husa som tre medarbeidarar i VTB bygde seg ein gong på 1980-talet.

Tore er klar for tur. Men ok, det blir mest biltur denne solskinsdagen. Me køyrer Tveitgrenda til ende – nye svingar. Tore fortel om plassar han og Ane, av og til saman med gode venner, går forbi. Raudkleiv, Myran, Uppi-Grave, Finnekås. Det budde folk mange stader før.

Me set oss på steinhella framfor stova på Heggtveit, ein av dei folketome gardane på storerunden.

Me er på lokalhistorisk grunn. Tore er sjølv ein del av lokalhistoria i Vest-Telemark, etter 20 år som den fyrste redaktøren i VTB.

Avis i eit utkantstrøk

– Eg visste kva ei avis i eit utkantstrøk kunne ha som verknad på folk, seier Tore.

Han kom frå fire år i Arbeideravisa i Trondheim til Vest-Telemark. Dei hadde eit ungt arbeidslag, og ei relativt radikal avis – som rett nok tok standpunkt ja til EF i 1972.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var nok heile stemninga etter EF-striden som gjorde at eg søkte ut av byen, til ein utkant. Dessutan, eg er oppvaksen i ei lita bygd i Østerdalen, og ønskte at borna skulle vekse opp i ei bygd, i staden for i byen.

I Arbeideravisa opplevde han ein gong at soknepresten på Ørland kasta avisa ned frå preikestolen, harmdirrande etter noko journalist Skaug hadde skrive.

– Men eg såg kje på meg sjølv som ein stor provokatør, forsikrar Tore.

Likevel vedgår han ei politisk haldning til venstre. I eit intervju i VTB for 30 år sidan, då avisa runda ti år, kalla han seg uavhenging sosialist og anarkist.

– Eg hadde mange gode venner i Akp ML. Men eg blei aldri medlem, forsikrar han.

Ut i verda

Tore likar å reise. Albania var eitt av landa unge Skaug besøkte. Han var også i fredskorpset i nær to år, i eit opplegg med lokalsamfunnsutvikling i Uganda.

– Langt ut, og vita at du blei borte i to år?

– Eg var ikkje i tvil om å reise. Eg burde kanskje gjort meir ut av det. Eg har framleis stor sans for, og beundrar folk som reiser ut i ulike hjelpearbeid – som Legar utan grenser, for eksempel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han avbraut fredskorpsarbeidet litt før tida, fordi han kom inn på journalistskulen.

Journalistikk og Vest-Telemark

Som son av ein landhandlar i Østerdalen var ikkje journalistikk det naturlege valet.

– Eg gjekk økonomiske gymnas, og tenkte økonomi. Det var ein god bakgrunn å ha med til VTB.

Då han reiste ut med fredskorpset jobba han som personalforvaltar for Denofa Lilleborg – såpefabrikken.

Så blei det likevel journalistikk. Og etter kvart Vest-Telemark.

– Du sa ein gong at du ikkje var målmann. Likevel, i VTB er nynorsk den redaksjonelle målforma ...

– Ein blir ikkje målmann av å vekse opp i ei lita grend i Østerdalen, med ein liten grendeskule, der læraren sjølv kunne seiakviskre, men lærde oss å skrivehviske,

Likevel, nynorsk var ikkje heilt framandt. Han fortel at han skreiv eit par intervju i Arbeideravisa på nynorsk, mellom anna med den profilerte Dagen-redaktøren Arthur Berg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein skal vise respekt for dei som har teke standpunkt, slår Tore fast.

Korleis var så møtet med Vest-Telemark. I boka til VTB, «På humpete vegar i 40 år», kjem det fram at Tore Skaug sa ja til redaktørjobben, «etter ein tur til Vest-Telemark sommaren 1973.»

– Eg hadde ikkje noko anna forhold til Øvre Telemark enn bygdenamnet Atrå. Der fór me gjennom ein gong då eg var i militæret, fortel han med eit smil.

Primært søkte han journaliststilling i VTB, og hadde redaktørjobben som andreval.

Til Vest-Telemark kom han og familien ei helg med fint vêr.

– Me blei godt mottekne. Det gjorde inntrykk. Viss ein skulle slå seg til på bygda, var det spennande i Vest-Telemark, seier han om tanken og inntrykket frå den gong.

Møtet med vesttelemålet var derimot ikkje så enkelt. Dei var hjå Ragna og Sveinung Bø, to av dei som var med og drog i gang Vest-Telemark blad.

– Utpå laurdagskvelden lura me på kvar me skulle overnatte. «Sjå òkkòn» var svaret. Kvar er det, eit pensjonat eller noko, lura me ...

Artikkelen held fram under annonsen.

Det gjekk elles ikkje så gale å lære seg dialektane. Det einaste kunne vera at enkelte var vanskelege å forstå i telefonen, fortel han.

Så var «tiltaket» i gang

Tore og familien kom to dagar etter den gamle flyttedagen, vinterdagen. Den 16. oktober var dei på plass, bare ein månad før deadline for den fyrste avisa.

– Det var oversiktleg å koma til Vest-Telemark, seks små kommunar. Her blei me kjent med alle. Og her var ingen formalitetar.

Før Tore kom, hadde journalist John Straume alt gjort eit førearbeid, mellom anna samla inn lysingar til bladet som skulle i gang. Og styrerepresentantar og andre friviljuge hadde invitert folk til å tinge bladet. Dei to bladfykane reiste rundt i regionen og gjorde seg kjende. Var innom kommunehusa og helsa på.

– Me blei kje bare godt mottekne, kommenterer han.

Men så var arbeidsdagen i gang.

Han seier litt om korleis dei planla for å gje avisa ein god start, og eit fotfeste i regionen:

– Me var bevisste på å ikkje favorisere nokon av kommunane. Det var eg van med frå Trondheim; Arbeideravisa kom ut i Trondheim, men var avis for heile Sør-Trøndelag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det var ikkje bare journalistikk og annonsar. Etter kvart flytta avisa inn i eit tidlegare industribygg i Kviteseid, og montering av eige prenteverk.

Tore vedgår at tekniske greier ikkje er hans sterke side. Derfor var det godt å ha John Straume med, han visste noko meir om trykkemaskiner og – den der – settemaskina.

Seinare blei det eige hus, rotasjonspresse kjøpt frå Tvedestrandposten – og aksjeutviding.

Laurbærkransen

Økonomien var ikkje den sterkaste. Å få næringslivet til å nytte VTB til annonsering var ein seig prosess.

Dødsannonsar er eit stikkord. Den fyrste stod på trykk tidleg i januar 1974. Men elles tok det lang tid før VTB var den naturlege plassen. Likeeins var annonsemarknaden seig å få trekt til seg.

– Då me fekk overtaket på den lokale annonsemarknaden, var laurbærkransen vår, smiler han.

I den tidlege tida av VTB var det vanleg at møte i formannskap og utval ikkje var opne for ålmenta, og dermed heller ikkje pressa. VTB tala for opne møte, ser me i tidlegare årgangar. Sakte men sikkert vedtok kommunestyra å opne.

– Det var ikkje alltid så stas. Då fekk TA og Varden dei same nyhenda og vedtaka som VTB. Når møta var lukka, fekk VTB nyhenda fyrst. Å få dei lokale nyhenda fyrst var ei viktig drivkraft, slår redaktøren fast.

Aldri kjedeleg

Her på trappa på Heggtveit: Han tenkjer tilbake: Det skulle alltid vera noko i avisa som kunne interessere alle.

– Me ville unngå å laga ei kjedeleg avis. Me ville ikkje bare ta føre oss kommunale saker.

Han vedgår likevel at det var ein del kjeft å få.

– Men ingen eg er uvenner med i dag, slår han fast.

Så var det lokalavisa som opplæringsanstalt. Det fylgjer lokalavisene rundt om. Dei som vil prøve seg i journalistikken får gjerne den fyrste jobben i lokalavisa.

– Det var jo av og til trist å sjå dyktige ungdom flakse vidare til større aviser, seier han.

I det tidlegare nemnde intervjuet for 30 år sidan varsla han at redaktørjobben kom til å bli ledig om seks år. Då ville han bli 50. Det blei endå fire år, og samfulle 20 som bladstyrar.

– Då var eg tom. Arbeidet gjekk jo ut over velferden heime. Hente post kvar laurdag. Nesten kvar sundag i avisa for å leggje til rette.

– Når du ser tilbake, angrar du på at du tok jobben som redaktør i VTB?

– Eg kan kje angre, VTB blei jo ein suksess. Me kom på folkemunne; «sei du har lese det i VTB».

– Du er ikkje særleg glad i merksemd? Då du slutta i VTB for 20 år sidan, var det streng beskjed: Inga takketale. Då du fylte 70 kom ein e-post: Ingen ting i avisa. Du hadde heller ikkje særleg lyst til dette intervjuet.

– Eg grua meg til å ta imot kulturprisen i Kviteseid i sommar. Eg sa ifrå til kommunalsjefen: «Du veit eg likar ikkje slikt tull.» Men så smiler han opp:

– Men eg tenkte å feire når eg blir 75!

(Det er bare eit snautt år til

– red. merk.) Og me avsluttar denne storerunden med ein smak av Tores solbærsyltetøy. Akkurat som det skal vera.