Arne Aas i det spesielt innreidde fotostudioet sitt i andre høgda i Arnestadbygget på Brøløs i Seljord.

Eit livsverk i fotobransjen

I svært mange heimar i Vest-Telemark heng eit fotografi på veggen signert Arne Aas.

Konfirmasjonsbilete, barnebilete og brurebilete. Arne Aas stilte inn og knipsa portrett i alle variantar. I tillegg fotograferte han landskap, kultur og folkeliv. Alt i alt omfattar livsverket hans fleire tusen bilete av stor kulturhistorisk verdi.

Nasjonalromantikar

Fem år gamal var Arne med mor si på vitjing til slektningar som budde på ein gamal gard i Narjordet i Nord-Østerdalen, nokre kilometer unna heimplassen Nygarden i Os. Den opplevinga skulle bli skjelsetjande for framtida til den vesle guten. Garden dei kom til hadde brune, solsvidde tømmerbygningar med blomar på taket, og blei ståande som sjølve draumegarden for den vesle guten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg blei nok ein nasjonalromantikar alt som femåring, ler fotografen åtti år seinare.

Ti år seinare fekk Arne seg sykkel, og full av forventning sykla han bort til draumegarden sin att. Vel framme kjende han seg ikkje att. Dei fleste av dei små, gamle husa var borte, og nye bygningar hadde kome opp. Ein skuffa gut stod på tunet med gråten i halsen då eigaren dukka opp. Mannen inviterte tiåringen inn i stoga for å vise han noko. På veggen hekk eit bilete av «draumegarden».

– Då blei eg skikkeleg glad! Der og då gjekk det opp for meg kor verdifullt eit slikt bilete var. Eg tenkte at det å vera fotograf må vera heilt fantastisk, seier Aas, som der og då bestemte seg for kva yrkesveg han ville ta.

Sommaren 1964 var Signe og Arne på fototur i heile landet og overnatta i telt. 18. mai er dei i Hardanger.
Dette spesielle biletet, som fotografen den gongen hausta stor fagnad for, er teke på Svartisen i 1964.
Skien på 1960-talet.
Mangeårig jordmor i Seljord, Karen Straand Nordskog (1909–1999) var ein av dei fyrste kundane Aas fotograferte i studioet.
Ei viktig forretning på Brøløs. I vindauget blei det stadig stilt ut nye bilete, både av brurepar og andre.
– Å leve av å vera fotograf har vore det rette for meg, konkluderer Arne Aas når han no ser tilbake på livsverket sitt.
I tunet sitt i Gravshaugane i Seljord har Arne Aas laga fleire gardstun i miniatyr, som er korrekte kopiar av eksisterande tun.
Halvor Vaagen (1913–1998) frå Møsstrond.
Dette biletet av Mattis Tveiten (1929–1996) frå Seljord, som er teke i fotostudioet, fekk sylvmedalje på ei utstilling i New York i 1989.
Arne Aas

* Kom til verda i 1933 og vaks opp i Os i Østerdalen.

* Faren dreiv med sagbruk og snekring ved sida av den vesle garden. I vaksen alder arbeidde også Arne på sagbruk, før han slo inn på foto-vegen.

* Tok utdanning ved Fotofagskolen i København.

* Fekk så seks års praksis hjå fotograf R. Nyblin i Skien, der han også kom til å treffe livspartnaren sin, Signe Brauti frå Kviteseid (1928–2016).

* I fleire år reiste han land og strand rundt for å fotografere for Aune kunstforlag i Trondheim; eit firma som gav ut ei mengde postkort.

* Saman med kona starta han fotoforretning og portrettstudio i Seljord i 1968, og dreiv i 24 år.

* Har seinare gjeve ut tre biletbøker; Fagre Telemark i 1997, Løyndomsfulle Setesdal i 2000 og Minne frå Telemark i 2009.

* Blei tildelt Seljord kommunes kulturpris for 2017.

* Har gjeve det meste av biletmaterialet sitt til Vest-Telemark museum, under føresetnad av at det blir teke vare på for ettertida.

* Vest-Telemark museum er i ferd med å registrere kvart enkelt foto, og bileta kjem til å bli lagt ut på Digitalt museum.

Miniatyrgardar

Sidan har det tidlege synsinntrykket av «draumegarden» fylgt han til mange lafta hus rundt om i landet; kanskje helst i Telemark og Setesdal, som han også har gjeve ut biletbøker frå. På tomta si i bustadfeltet Gravshaugane i Seljord, har han også gjenskapt fleire draumegardar; mellom anna gardsmuseet Rygnestadtunet i Valle i Setesdal og det freda gardsanlegget Oddentunet i Narjordet i Nord-Østerdalen. Med nennsom hand har han lafta ei mengd miniatyrbygningar som prydar tomta som er døypt «Fagerfjell», og ligg fint til med utsyn over Flatbygda, Dyrskuplassen og Seljordsvatnet.

Fototur med livspartnaren

Arne Aas slår fast at han tidleg blei forelska i gamal, norsk byggjeskikk, ei forelsking som har vara ved. Likeeins fascinasjonen for fjell. Det var fyrst og fremst landskapsfotograf han ville bli den unge mannen som vende heim frå fotoutdanning i Danmark med svennebrevet. Men fyrst kom han i arbeid hjå fotograf Nyblin i Skien. Der fekk han allsidig praksis med fotografering både av snøfresing i Dyrskar, og som fotograf ved kongebesøk i Skien. Heime i Gravshaugane viser han biletet han tok av kong Olav medan han helsar på ei av damene som hadde stand i byen. Den dama skulle seinare koma til å bli kona og livspartnaren hans.

– Signe var ei sprek dame, og det fyrste biletet eg tok av henne var på Lifjell hausten 1963. Så byrja eg å fortelje om draumane mine – at eg hadde hatt lyst til å reise rundt og fotografere Noreg. Då svara Signe at ho kunne godt tenkt seg å ha vore «taterkjering» ein sommar, ler Aas.

Han sa opp jobben sin, og 15. mai l964 la dei i veg i Signe sin gamle Skoda. Reisa skulle gå over Haukelifjell til Vestlandet og derfrå nordover.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Håpet og draumen var at dette skulle bli levevegen vår, at eg skulle få jobb i Knut Aunes kunstforlag. For å koma inn der måtte ein bevise at ein kunne ta gode bilete, seier han.

Planen var å koma seg til Hardanger for å fotografere 17. mai-tog, bunadar og fruktbløming. Slik gjekk det ikkje, den tidlegare oppbrøytte vegen over fjellet var foke att og ville ikkje bli opna før 18. mai.

– Men vêret var fint, så me slo opp teltet på fjellet. Me gjekk på ski, og eg fotograferte oppfresinga av vegen, fortel Arne om starten på turen som skulle bli avgjerande for den vidare karrieren.

Noreg på langs

På den to månadar lange turen som gjekk heilt nord til Finnmark, fotograferte han alt frå landskap og bygningar til menneske og miljø. Paret gjekk i fjellet, og dreiv også med klatring. Dermed fekk fotografen motiv som på den tida var meir sjeldne.

– Eg sende filmane til framkalling i Oslo, og hadde ikkje sett resultatet undervegs. Filmane skulle sendast tilbake til meg «post restante» i Trondheim. Og spør om me var spente då me kom dit og skulle opne sendingane! Me var veldig nøgde med bileta, og eg reiste til Aune med dei. Forlaget skrytte av at bileta var gode, og sa at dei var interessert i å kjøpe alt saman, fortel han.

Arne Aas blei tilsett med ein gong, og arbeidde der i tre år. Mange av dei kjende postkortmotiva frå dei åra er det nok Arne Aas som står for, men namnet til fotografen blei ikkje oppgjeve på korta. Etter åra i Trondheim gjekk ferda til Harstad, der han i eit par år var leiar i ei fotoforretning. Derfrå gjekk ferda til Seljord, der paret håpa å greie å koma i gang med fotobutikk, noko det skulle vise seg at dei lykkast rektig så godt med. Kvifor dei valde Seljord hadde å gjera med at dei visste det hadde vore ein fotograf der før, Øystein Kaasa, som seinare nytta namnet Solberg. Han verka i Seljord i tida 1901 til 1923. Om det var lenge sidan, rekna Aas med at det burde vera ein marknad i bygda. Paret reiste til Seljord, og lura på kvar dei skulle byrje.

– Då reiste eg på lensmannskontoret og snakka med Sveinung Aase om han visste om ledige lokale. Han nemnde på Steinar Reiten (Arnestadbygget red. mrk.), og Aas fekk kontakt med han. Reiten måtte ha ei vekes tid å tenkje på, før han svara «ja, me får prøve dette, då», smiler Aas om etableringa av det som med tida skulle bli både fotoforretning, platebar og fotostudio.

Etablering i Seljord

Fyrste tida budde paret i Kviteseid hjå syster til Signe, Torhild Draugedalen. Å finne nokon stad å bu i Seljord i 1968 var veldig vanskeleg. Sundsbarmanlegget hadde akkurat kome i gang, og det var stor pågang på husvære. Men Aas bruka kontaktane han hadde, mellom andre elektrikaren Olav Larsen som dreiv og installerte i butikken. Han fortalde at Inga Andersen på Moen hadde husrom i andre høgda i huset sitt. Der fekk dei bu for 75 kroner i månaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så kom fotoforretninga i gang. I vindauget blei bilete han hadde teke stilt ut. Mange vil hugse kor spennande det var å kikke i glaset der – «er det nokon eg kjenner, tru?» Ikkje nok med det, i same lokala etablerte dei også den fyrste platebaren i Vest-Telemark. Det førte til mykje russel i butikken, og blei ein suksess.

– Me opna 9. desember, men måtte bestille nye plater to gonger til før jol. Det var særleg country&western-plater som gjekk unna. Kva artistar som var mest populære ville nok Signe ha visst, det var ho som styrde med platebaren, fortel han.

I tillegg kom folk som skulle fotograferast. Han portretterte folk i alle aldrar, han tok brurebilete og konfirmasjonsbilete. I tillegg fotograferte han på ulike kulturarrangement.

– Kva var dine føretrekte motiv?

– Du kan vel seie det at fyrst og fremst ville eg vera landskapsfotograf, men med god hjelp av Signe gjekk også portrettfotograferinga bra, svarar han.

Laurdagane skulle det takast bilete av brurepar. Mange av desse «måtte» gifte seg, som det heitte på den tida; altså var kvinnene gravide. Det måtte då vera ei utfordring å ta bilete slik at det ikkje vistest så godt, undrar me.

– Det kan eg seie, at dei unge damene og jentene, såg faktisk så slanke og fine ut, dei aller fleste av dei. Det var så mange fine jenter som kom frå Vest-Telemark – dei fleste kunne ein ikkje sjå på at var gravide, svarar fotografen diplomatisk.

I tolv samfulle år heldt paret det gåande, før Arne for fyrste gong tok seg ferie. Då gjekk turen til fjells, faktisk til Himalaya – der han har mange bilete frå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forretninga gjekk bra, og då Steinar Reiten spurde om fotografen hadde bruk for større lokale, sette Aas i gang i andre høgda med eit fotoatelier «med stil og atmosfære», som han sjølv uttrykkjer det. Der laga dei ei «ivistoge», med interiør av bondemøblar. Der tok han mellom anna biletet av Mattis Tveiten (1929–1996), eit fotografi han fekk sylvmedalje for i ein konkurranse i USA i 1989. Dét er berre ei av utmerkingane Aas har fått for arbeidet sitt, som han har hausta mykje heider for.

Tre praktbøker

Etter at perioden med atelier og butikk var over, starta bokprosjekta. Praktboka «Fagre Telemark» var den boka i fylket som blei selt i flest eksemplar det året ho kom ut, og som det gjekk meir enn 10 000 eksemplar av. Deretter gav han ut «Løyndomsfulle Setesdal», som også blei svært godt motteken. Den siste boka han gav ut var «Minne frå Telemark», som kom i 2009.

Etter ei lang karriere som analog fotograf, har Arne Aas no teke steget ut i den digitale verda, og har stor glede av å eksperimentere i photoshop. Men fotografen har også andre fritidssysler. På den fine utstiktstomta har han drive med skikkeleg puslearbeid; han har lafta opp kopiar av fleire ulike tun – både frå Østerdalen, Setesdal og Telemark.

– Eg kjenner meg privilegert som har kunna budd her, og har fått drive med dette. Eg har føretrekt å vera ein liten sjølvstendig herre framfor ein stor tenar. Å leve av å vera fotograf har vore det rette for meg, og eg var heldig å vera i bransjen i fotografiets gullalder, i ei tid som folk verdsette det. No når Signe har gått bort, er eg takksam for at me fekk leva saman i 53 gode år. Ho har ein stor del av æra for at me lykkast så bra som me gjorde, poengterer han.

Gåve for ettertida

No vil han altså at fleire skal få gleda av å sjå bileta hans. Aas fortel at Vest-Telemark museum i alt har fått kring sju tusen biletmotiv som dei har råderett over.

– Me veit då alle at det er slutt ein dag, og eg tenkte det hadde vore interessant at nokon kan dra nytte av biletsamlinga, poengterer han om livsverket sitt, som han føreset blir respektert.

Utstillingsansvarleg ved Vest-Telemark museum, May Britt Lundevall, seier dei er svært glade for å ha fått fotosamlinga. I den seinare tida har museet byrja å leggje ut smakebitar av samlinga på facebook-sida til museet.

– Der har me fått mykje positiv respons, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dermed gjev fotografen tilbake noko av det som kunden har gjeve han.

– Ved at kundane kom og bruka oss, gav dei oss tillit, og no har eg gjeve det tilbake, slik at det kan koma folket i Vest-Telemark til gode, er Arne Aas sitt ynske for det kulturhistorisk verdifulle fotoarkivet.