Det blei feira med kake til frukost i bladstova då opplagstala for 2010 blei offentleggjort fredag.
Det blei feira med kake til frukost i bladstova då opplagstala for 2010 blei offentleggjort fredag.

Einaste avis med framgang

Vest-Telemark blad er den einaste avisa i Telemark som kan vise til opplagsauke i 2010.

Lokalavisa for Vest-Telemark stadfestar posisjonen som den tredje største avisa i fylket, etter fylkesavisene Varden og TA. Med eit totalopplag på 5.675 er den ein liten framgang på 15 eksemplar, tilsvarande 0,3 prosent. Det er femte året på rad VTB aukar opplaget, og sjette året som fylkets tredje største avis.

– Me er sjølvsagt glade for at me nok ein gong har framgang i opplaget. Dei siste åra har me hatt ei jamn og stabil utvikling, seier bladstyrar Knut Espelid, som åtvarar mot å la dei gode tala bli ei sovepute.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Målet er å bli ei stadig betre avis for lesarane, lovar bladstyraren.

– Kva trur du er grunnen til at VTB held stand når dei større avisene må tola til dels store tilbakegangar?

– Lokalavisene skaper identitet og tilknyting til lokalsamfunnet. Det er ingen andre som har ein slik posisjon. Lokalavisene gjev informasjon om det som skjer lokalt. Dei er ein møteplass og ein «talarstol» for folk i lokalområdet. Dessutan er folk meir på farten, og alt skjer i større tempo. Lokalavisa gjev ei viss ro og tryggleik. I denne posisjonen blir lokalavisene meir og meir unike, samanlikna med dei større avisene som formidlar sensasjonar og det ekstreme. Og ikkje minst viktig er at lokalavisene, også VTB, har blitt betre både journalistisk og teknisk, gjennom målretta arbeid over fleire år, seier Espelid.

Ingen andre aviser til Telemark kan vise til framgang i opplagstal. Fylkets største avis Varden gjekk tilbake 744, og har eit godkjent opplag på 24730. Dei same tala for TA er -643 og 21348.