Frå venstre side og rundt bordet gjekk sneisane i rekordfart. Linda Greiner, Ragnhild Tovslid, Åse Mathisen, Ruth Johansen, Åsne Ragna Høyesen, Gunhild Marie Eilefstjønn, Gerd Unni Haugstoga, Turid Bringsås, Ingebjørg Moen, Anne Marie Smeland og Turid Øverbø.
Frå venstre side og rundt bordet gjekk sneisane i rekordfart. Linda Greiner, Ragnhild Tovslid, Åse Mathisen, Ruth Johansen, Åsne Ragna Høyesen, Gunhild Marie Eilefstjønn, Gerd Unni Haugstoga, Turid Bringsås, Ingebjørg Moen, Anne Marie Smeland og Turid Øverbø.

Ei sneis her og ei maske der

Taktfaste klunk frå sneisene til spiteglade kvinner godt blanda med latter var det som prega strikkemaratonen på Brøløs.

– Nå står det kaker og kaffi og ventar, me må ta ei pause nå – kan ikkje strikke heile tida, var oppmodinga frå dagleg leiar i Seljord frivilligsentral, Anne Marie Smeland, laurdag ettermiddag for vel ei veke sidan.

Sidan morgonen hadde ti spiteglade kvinner skravla og kosa seg med handarbeid etter at husflidslaget og frivilligsentralen inviterte til strikkemaraton.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg skulle ynskje at det hadde kome endå fleire hit, dette er noko som passar alle – i alle aldrar. Og strikking er ein god arena der ein kan bli kjent med nye menneske – det er veldig sosialt og triveleg, seier Linda Greiner medan ho arbeider vidare på sitt strikkeprosjekt.

Rundt bordet blir det arbeidd med både sokkar og jakker, og Gerd Unni Haugstoga har flotte bunadsbroderi i hendene.

Tur og quiz

Ragnhild Tovslid (t.v.), Åse Mathisen og Ruth Johansen let sneisene arbeide raskt då det vart halde strikketevling.
Ragnhild Tovslid (t.v.), Åse Mathisen og Ruth Johansen let sneisene arbeide raskt då det vart halde strikketevling.
Under strikkemaratonen tevla kvinnene om å kome lengst mogleg på ein babysokk.
Under strikkemaratonen tevla kvinnene om å kome lengst mogleg på ein babysokk.
Strikkemaratonen vart ein suksess, og dagleg leiar av frivilligsentralen i Seljord, Anne Marie Smeland, vil gjerne halde eit nytt liknande arrangement til hausten.
Strikkemaratonen vart ein suksess, og dagleg leiar av frivilligsentralen i Seljord, Anne Marie Smeland, vil gjerne halde eit nytt liknande arrangement til hausten.
– Skal me gjere det slik, undra Åsne Ragna Høyesen (t.h.) og søkte råd hos Turid Bringsås.
– Skal me gjere det slik, undra Åsne Ragna Høyesen (t.h.) og søkte råd hos Turid Bringsås.

Etter ein hyggeleg start på laurdagen, med god frukost i det tidlegare Telebygget på Brøløs, var kvinnene på rusletur i det flotte vårvêret.

– Me gjekk ein kjempefin tur ned til vatnet og bortom kyrkja, og så var me på Atelier Aase for å handle litt meir garn, fortel nokre av dei frammøtte.

Vel tilbake venta Agnes Sciubak med god lunsj før strikkedeltakarane fekk utfordra seg med ein quiz rundt om i næringshagen.

– Strikkoppskrifter som tema?

– Nei, her vart det spurt om all slags, men dei måtte fylgje ulike farga garn då dei gjekk til dei ulike postane i næringshagen, sa Smeland og la til at dei strikkeglade skulle halde fram med handarbeidet heilt til bordet vart dekt med kvite dukar og ein trerettarsmiddag blei servert på kvelden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange av deltakarane møtest også til strikkekafé på frivilligsentralen som blir halde kvar måndag. Og husflidslaget held strikkekafé fyrste onsdag i månaden, og dei plar veksle på ulike stadar i kommunen for treffa sine.

– Me vil gjerne ha med fleire på strikkekafé, og kan ein ikkje strikke er det ikkje eit argument. Me kan lære bort, oppmodar kvinnene rundt bordet.

Babysokktevling

Ei sommarlett strikkejakke i vakker blåfarge tar form, ei halvferdig kofte ligg på bordet og nokre flotte sokkar får stadig auke frå raske sneisar. Ved bordenden held Ruth Johansen fram med sitt prosjekt. Ho aukar bunken av fargeglade lappar som seinare skal bli montert saman til teppe.

Praten går om laust og fast og Smeland er klar for å gje kvinnene ei ny utfordring. Kvinnene blir bedne om å ta fram pinnar, eller sneiser, i storleik 2,5 eller 3.

– Me skal strikke babysokkar. Kor mange kan me klare å strikke på eit par timar? Det blir spennande å sjå kven som kjem lengst, innleiar Smeland medan dei andre kvinnene fann fram garn og konkurranseinstinkt.

Ingebjørg Moen les oppskrifta høgt, alle legg opp 32 maskar.

– Eg legg opp dobbelt – eg synest det er så kjedeleg å strikke høgresokken – så her strikkar eg begge to med ein gong, ler Linda Greiner medan pinnane slår taktfast mot kvarandre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, huff, dette var noko herk å strikke, eg trur eg må ta opp att alt eg, seier Moen etter å ha kome godt i gang med den fyrste babysokken.

Premien kjem på bordet, og tevlinga er i gang – nå er det berre å la sneisene jobbe.