Ikkje alt fall i smak då Bodil Nordjore var gjestedommar i Camp Kulinaris.
Ikkje alt fall i smak då Bodil Nordjore var gjestedommar i Camp Kulinaris.

– Eg kjenner den i magen enno

Bodil Nordjore er gjestedommar i kveldens episode av Camp Kulinaris på TV3. Ikkje alt fall i smak.

Norske tradisjonsrettar står på menyen for deltakarane i TV3-programmet Camp Kulinaris i kveld. Gjestedommar Bodil Nordjore gler seg stort, men idyllen blir broten når ho blir servert rå og kald lever av Idol-vinnar Jorun Stiansen. Det gjorde at deltakarane var uroa for at heile Noregs matmor hadde blitt matforgifta.

«Det hadde vore oppslaget: Idol-Jorunn drepte Mat-Bodil», spøkar komikar Terje Sporsem etter hendinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det sat langt inne å svelge. Rå innmat skal ein ikkje bli utsett for, seier Nordjore.

– Eg kjenner det i magen enno når eg snakkar om det, men – alt for maten, legg ho til.

Dette var ein av ni rettar, og Nordjore innrømmer at ho gjekk til oppgåva med skrekkblanda fryd. Men ho er alt i alt imponert over alt deltakarane fekk til.

Camp Kulinaris blir leia av meisterkokk Kjartan Skjelde. Nordjore var med Skjelde også som gjestedommar på Masterchef, og har også vore å sjå som mentors kone i Farmen kjendis – sesong 1, og på Senkveld.

– Det er moro og eg møter med ope sinn. Eg er oppteken av at folk skal ha grunnleggande respekt for maten, seier ho.

Jorun Stiansen, Stella Mwangi, Fritjof Wilborn, Grunde Myhrer, Unni Askeland, Adam Schjølberg, Terje Sporsem, Linnéa Myhre, Tommy Sharif, Wanda Mashadi, Erlend Elias Bragstad og Trine Lise Olsen.