– Det er ikkje lett å bestemme seg for kva utdanning ein skal velje, seier 9. klassingane Håkon Haugland (t.v.), Vegard Brekke, Noa Karlsen Krossli og Markus Lia-Moen.
– Det er ikkje lett å bestemme seg for kva utdanning ein skal velje, seier 9. klassingane Håkon Haugland (t.v.), Vegard Brekke, Noa Karlsen Krossli og Markus Lia-Moen.

– Det er ikkje så enkelt å velje skule

For eit par veker sidan var mange 9. klassingar frå Vest-Telemark innom den vidaregåande skulen på Dalen. Der fekk dei vere i klassene, og gjere seg kjent med skulen, før dei i løpet av neste år må velje vegen vidare.

– Me har vel nærare 70 elevar innom desse dagane. Dei aller fleste ser ut til å vere veldig motiverte og mange av dei gjev uttrykk for at dei ser fram til meir fridom, noko overgangen til den vidaregåande skulen ofte blir opplevd som, seier rådgjevar Per Stordrange.

Vanskeleg å velje

Fleire av ungdomsskuleelevane som er innom er likevel usikre på kva dei skal velje.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er neimen ikkje så lett å velje skule eller kva utdanning ein skal ta. Eg har ikkje bestemt meg enno, men det er veldig bra at me får lov til å kome på besøk her, seier Håkon Haugland.

– Dalen er absolutt eit alternativ, men fyrst må eg nok tenkje litt meir på kva yrkesval eg kan tenkje meg. Det er godt at eg har eitt år til på meg. Men det er i alle fall viktig å vere her og prøve og sjå litt kva skulen kan by på, legg han til.

Viktig elektroline

Elektrolina på Dalen har vore vellykka etter at lina starta opp att for nokre år sidan. Søkjartalet så langt ser veldig lovande ut for det komande skuleåret også.

– Me er fornøgde med søkjartalet for det komande skuleåret, men me har alltid plass til endå fleir elelvar, seier studieleiar Siv Reidun Eide ved Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen.
– Me er fornøgde med søkjartalet for det komande skuleåret, men me har alltid plass til endå fleir elelvar, seier studieleiar Siv Reidun Eide ved Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen.

– Det ser veldig bra ut, og lina er viktig for elevane, bedriftene og oss. TIP (teknisk og industriell produksjon) og studiespesialiserande har færre søkjarar enn i fjor, medan helse og oppvekstlina har bra med søkjarar. Det svingar nokså mykje i elevkulla. Elles vil eg oppmode dei unge til tenkje på høgare utdanning, seier studieleiar Siv Reidun Eide.

Inviterer

Ho er glad for at ingen av linene på Dalen er i fare, og ho inviterer ungdomsskuleelevar innom når som helst.

– Det er berre å kontakte oss, så skal me gje både omvising og informasjon utanom dei offisielle hospiteringsdagane også. Elles ser me at elevkulla i Telemark vil blir mindre i åra som kjem, og særleg i Grenland vil elevtalet gå monaleg ned, avsluttar Eide.