Eidsborgtjønni er «De dødes tjern» det meiner dotter til André Bjerke som skreiv den historiske kriminalromanen i 1942.
Eidsborgtjønni er «De dødes tjern» det meiner dotter til André Bjerke som skreiv den historiske kriminalromanen i 1942.

«De dødes tjern» er truleg Eidsborgtjønni

André Bjerke (1918–1985) var ein produktiv forfattar som nok er mest kjent for kriminalromanen «De dødes tjern». Romanen blei til film, og var kanskje den aller fyrste grøssaren som blei vist i Noreg. Men kvar ligg dette mystiske tjernet?

Foreldra til André Bjerke, Karin og Ejlert Bjerke, var ei tid under krigen på ein gard i Eidsborg i feriane. Dit var ofte André på besøk. Far til André var sjølv forfattar, medan mora var ein særs dyktig pianist. Fetteren til André, eller Jarl André som er hans eigentlege namn, var ingen ringare enn Jens Bjørneboe.

Revolusjonerande krim

Bjerke, som ofte nytta pseudonymet Bernard Borge, blir rekna som ein av landets mest markante kriminalforfattarar gjennom alle tider. Årsaka til det var mellom anna at han som ein av dei aller fyrste henta mykje frå psykoanalysen. Psykoanalyse kan vere både ei form for psykoterapi og ei form for psykologiske teoriar. Dersom ein tenkjer på psykoanalyse som behandlingsmetode for psykiske lidingar og då særleg hysteri, så var det Sigmund Freud som utvikla desse metodane. Stikkord elles kan vere traumar, delt personlegdom, det underbevisste, eller det som ein kanskje vil kalle det mørke sinnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han debuterte i 1940 med romanediktsamlinga «Syngende jord». I 1941 kom debutromanen «Nattmennesket», og året etter kom «De dødes tjern», som blei filmatisert i 1958.

«Eg trur me ganske sikkert kan slå fast at Eidsborgtjønni er «De dødes tjern»»

Dottera til Eidsborg

Den siste sundagen i januar kjem dottera til André Bjerke, Vilde, til Eidsborg for å halde kåseri, og i ein e-post til Vest-Telemark museum skriv ho at far hennar vandra mykje i Eidsborg-traktene under krigen på flukt frå tyskarane. Ho seier vidare at han og ein god ven, Knut Yran, nok blei redda av hotellvertinna på Bandak hotell, og at dei så stakk vidare frå Bandak via Eidsborg og til Langlim der han fekk husrom hjå bygdelyrikaren Olaf Bakken.

«De dødes tjern» er i Eidsborg

Men Vilde Bjerke skriv også at han i 1941 heldt til i ei gamal tømmerhytte som høyrde til ein gard som låg nedanfor stavkyrkja i Eidsborg, men ovanfor Eidsborgtjønni, medan han skreiv delar av boka «De dødes tjern». Og garden var altså den foreldra bruka som feriebustad i ein periode.

Forfattaren Andrè Bjerke bruka nokså mykje tid i Vest-Telemark. Nokre av bøkene han skreiv har også bakgrunn i regionen.
Forfattaren Andrè Bjerke bruka nokså mykje tid i Vest-Telemark. Nokre av bøkene han skreiv har også bakgrunn i regionen.
Vilde Bjerke kjem til VestTelemark museum siste sundagen i januar. Då vil ho kåsere om farens liv og skriving.
Vilde Bjerke kjem til VestTelemark museum siste sundagen i januar. Då vil ho kåsere om farens liv og skriving.
André Bjerke og dottera Vilde.
André Bjerke og dottera Vilde.
André Bjerke på besøk hjå mormora, Andrea Jacobine Ytterbø Jacobsen Svensson, som han var oppkalla etter.
André Bjerke på besøk hjå mormora, Andrea Jacobine Ytterbø Jacobsen Svensson, som han var oppkalla etter.

Vilde Bjerke er sjølv forfattar, artist og skodespelar.

Handlinga i filmen «De dødes tjern» går ut på at seks Oslo-folk skal vitje bror til ein av dei på ei hytte langt inne i Østerdalens djupe og mørke skogar. Men då gjestene kjem fram finne dei ikkje hytteeigaren. Dei finn bikkja hans daud rett ved eit tjern like i nærleiken. Dei besøkande grublar på ei segn dei har høyrt om staden dei har kome til. Segna fortel at ein mann skal ha drepe systera si og elskaren hennar, for så å ha drukna seg sjølv i tjørna etterpå. Etter dette heitte det seg at alle som var i hytta på staden ville bli dregne mot tjørna, og føle trong for å drukne seg.

– Eg trur me ganske sikkert kan slå fast at Eidsborgtjønni er «De dødes tjern», seier Vilde Bjerke.

På Bandak hotell

Ho fortel at fleire av arbeida til faren blei skrivne medan han var i Vest-Telemark.

– «Skrittene» blei i stor grad skrive på Bandak hotell på Dalen, og det var fordi han var redd. Han brukte andre verkemiddel enn dei fleste. På Bandak hotell var han og vennen Knut Yran farleg nære ved å bli skotne av nazistar under krigen, og då har han sjølv skrive at det losna for han slik at han kunne skrive vidare på boka. Det same gjeld «De dødes tjern». Han takla redselen sin ved å bade i tjørna som han skreiv om. Og redselen var reell, han hadde angst, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han var på mange måtar tidleg ute med å skrive litt skumle bøker. Kva tenkjer du om det?

– Det er heilt rett, og han tilførte kriminalromanane to nye ting. For det fyrste nytta han seg mykje av psykoanalysen som i stor grad handlar om det underbevisste og psyken hjå menneska. For det andre så skreiv han også fleire bøkar der overtru og spøkri var sentrale tema. «De dødes tjern» blei i si tid kåra til århundres kriminalroman, svarar Bjerke.

Symbolikk i forfattarskapet

Ho fortel vidare at faren var oppteken av symbolikk, og at det for den vanlege mannen i gata ikkje alltid var like lett å oppdage det i det han skreiv.

André Bjerke var ein ihuga motstandsmann under krigen, og mykje av det han skreiv symboliserte nettopp den intense avskyen han følte for Hitler og den tyske krigsmakta.

– «De dødes tjern» har også ein slik symbolikk. Tyskland og Noreg var nokså nære på mange felt før andre verdskrigen. Ikkje minst på det kulturelle plan. Men Hitler øydela den tyske kulturen, og han prøva å manipulere Noreg og nordmenn. I overført tyding er det på ein måte Tyskland som er døden og som får Noreg til å gå ut i tjørna for å drukne seg – ein slags suggesjon, forklarer Vilde Bjerke.

«Det var under innspelinga at far møtte mi mor, Henny Moan.»

Resultat av filminnspeling

Ho fortel også at ho sjølv er eit direkte resultat av «De dødes tjern».

– Det var under innspelinga at far møtte mi mor, Henny Moan. Båe hadde roller i filmen, og dei blei hovudstups forelska. Dei gifta seg året etter, altså i 1959, og i 1960 kom eg, ler ho.

– Korleis starta tilknytinga til Vest-Telemark for din far?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bestemor til André, Andrea Jacobine Ytterbø Jacobsen Svensson, var frå Tjendalen gård i gamle Eidanger. Ho var på ein måte linken til Telemark, og ho og mannen var velståande. Mannen dreiv tømmerforretning i Langangen. Slik knytte dei truleg kontaktar rundt om i fylket, og André var mykje på besøk hjå dei. Det var naturleg at han reiste rundt, svarar ho.

Viktig oldemor

Vilde Bjerke seier at oldemora var ei dame som sette spor etter seg, og at ho nok er opphavet til dei mange forfattarane i familien.

– Både Jens Bjørneboe, André, meg sjølv og i alle fall fem til i familien blei forfattarar, seier ho.

Bjerke fortel at faren ofte drog vestover via Dalen og Bandak hotell, og at han nesten alltid hadde med seg ein ryggsekk som inneheldt ein sveivegrammofon, eit par plater, skrivemaskin, sovepose, litt kledeskift og røyk.

– Han og venen Knut Yran, dei reiste mykje i lag, reiste så via Eidsborg og til Langlim der dei budde på ein gard som heitte Bakken. Far budde i ivistoga der, seier ho.

– Gler du deg til å kome til traktene der både din far og dine besteforeldre bruka nokre år av livet sitt?

– Det blir storvegs å kome til Vest-Telemark og Eidsborg. I tillegg skal eg til Rauland dagen etter. I februar skal eg til Seljord, og då skal me mellom anna ha sogevandring til Bakken i Langlim der far var mykje. Det er sjølvsagt ekstra stas at eg nesten hundre prosent sikkert kan slå fast at Eidsborgtjønni nok er utgangspunktet for tjørna far skreiv om. Då skal de får høyre meir om arbeidet og livet til far, avsluttar Vilde Bjerke.

I diktet «Fluen» kjem også André Bjerkes forakt for nazismen og Hitler tydeleg fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

«På verdenskartet, opphengt i min stue, spaserer en hofferdig liten flue. Med mine som den store Bonaparte, går den og inspiserer verdenskartet, og det er ganske klart den ikke enser de røde streker som er landegrenser! Den eier disse land som den bedekker med riktig delikate flueflekker. Som visse andre synes den å drømme at den ble født til verdensherredømmet. Den plages neppe av en tragisk viten: At verden er for stor – og den for liten!»