«Paa venstre Haand av Kirken reiser Stor-Elven en Fierdingsvei hurtig afsted i fine Bugter, svinger saa om til høire side, og danner her en Mængde græsrige Øer under Foden av Skorve-Field; paa hver av disse kneiser een Høe-Lade.» Frå Hans Jacob Willes Beskrivelse over Sillejords Præstegjeld 1786. Det var den gongen. No kan berre nokre få av høysela skimtast.

Brukshusa som blei til overs

For nokre tiår sidan var det høysel på kvar teig på Øyane i Flatdal. No har dei kvite ballane fortrengt sela, og berre få står att.

Den mest grøderike jorda i Øvre Telemark. Det er omgrep som går att når Flate-Flatdal blir omtala i faglitteraturen. Mykje er sagt om husklynga i øvre enden av flata, eller «bygdi», som er det lokale namnet, og dei ruvande raude låvane er omtala både her og der. Men – med unntak av Marianne Heskes kunstprosjekt «Gjerdeløa» frå Tafjord, som har vore vist på den internasjonale kunstscenen – har dei små og umåla høysela ikkje fått same merksemd.

Lappeteppe av teigar

Øyane i Flatdal er eit lappeteppe av teigar som alle hadde namn. For nokre tiår sidan stod det sel på nesten kvar slåtte. Ein del av sela var lafta, elles er dei fleste i reisverk. Tidlegare var løene tekte med spon, men seinare kom tønneblekket, plater av utbanka oljefat, før bygjeblekkplatene kom. Fem sel har framleis tønneblekk: Steinevju, Norli, Gimsøy, Hegni og Sud-Hegni.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei fleste av gardsbruka i Flatdal hadde slåtter på Øyane, det same hadde jordvegane i Krokan. Og godt som alle hadde sel. Kor mange det kunne vera snakk om på det meste har ein ikkje funne nokon som tør å uttale seg om, men sikkert er det i alle fall at bare ein liten del av løene står att. Det er ikkje så rart. Etter at traktorane kom i full bruk på 1960-talet blei sela overflødige.

Etter ein rundtur med kjentmenn fann me 15 gjenståande høyløer som er avbilda. I tillegg står det to eller tre sel på Homleneset.

Korleis blei Øyane til?

Ei segn fortel at dalen i si tid var dekt av ein stor sjø som forsvann på ein merkeleg måte og gav plass for eit fruktbart stykke jordbruksland. I Anders Fayes utrykte papir frå 1830-åra står det å lesa om ein fatiggut frå Skorve som i løynd hadde forlova seg med den einaste dottera til ein rik hjartdalsbonde. Faren blei rasande, og svor på at han ikkje skulle få gifte seg med dottera før det blei tørt land mellom Hjartdal og Seljord, for det tenkte han var umogeleg.

Høyrer til Sundbø, søndre. Påbygget på toppen viser at det er installert korntørke i selet. Denne blei bruka på 1960-talet.
Selet ligg tett ved E 134 og har også korntørke.
Selet på Nerisøy.
På Hegni-slåtta.
Høyrer til Sud-Rue.
Blei seinare bruka som kiosk og scene ved danseplassen.
På Grånodden.
Høyrer til Myklestoga.
Høyrer til Norli.
Høyrer til Nordistogo Haugstoga.
Høyrer til Haugstoga (Røkke).
Høyrer også til Haugstoga (Røkke.)
Høyrer til Myklestoga.
Høyrer til Svalastoga.
Høyrde før til Smeland, no til Rinde.
Rud-selet, Åsland-selet og selet på Grasøyslåtta med Kløvfoss i bakgrunnen. I pråmen Hans Moen (1882–1952).

Ein kveld guten var ute og rodde på sjøen, høyrde han noko bak bergveggen. Han drog pråmen på land, og brått var han inne i fjellet hjå ei vakker hulder. Om han ville gje henne det fyrste barnet han fekk, skulle bondens ord gå i oppfylling, sa ho, og det gjekk guten med på. Straks blei dalen tørr, og ei fin, grøn slette kom til syne, med nybygde hus som stod ferdige til å ta imot bryllaupsgjestene.

Utsett for flaum

Vel – tørt og fint blei det ikkje alltid framover. Av det ein kjenner til var det flaumar både i 1822, 1898, 1927 og 1938 som sette heilen dalbotnen under vatn. I 1822 braut elva Flatdøla nytt far. Då gjekk vatnet over stovegolva og 18 høyløer utover Øyane reiste på Flatsjå.

Flaumane var til hinder for oppdyrking av jorda utover Øyane; eit namn som kjem frå gamalt då nørdste delen av Flatsjø var full av småøyar som var dekt av oreskog. Frå 1900 og frametter byrja oppdyrkinga av Øyan. I 1920-21 blei Odde-renna på austsida av dalen frå Sundbø og ned til Flatsjå graven med handmakt. Før siste krig var mesteparten av området fulldyrka, og i 1938–42 blei utløpet av Flatsjø senka endå meir, slik at vasstanden vart omlag to meter lågare.

Utskiftingar

Det har vore fleire utskiftingar på det 2 600 mål store området på Øyane, både i 1861, 1907 og den siste i tidsrommet 1965 til 1970. I slutten av 1960-åra vart mykje av gardsdrifta lagt om frå engtil åkerdrift. I samband med dette fekk fleire av høyløene installert korntørke. No har dei fleste høysela gjort ferdig den opphavlege nytten sin, og somme har fått andre oppgåver, mellom anna som reiskapshus.

Kjelder:Ørnulf Hodne: Mystiske steder i Norge, Cappelen 2000, nettside om Flatdal produsert av Vidar Mæland i 2000, Guro Nordby og Anne Haugen

Artikkelen held fram under annonsen.

Wagn: Kulturlandskap i Hjartdal, Notodden og Seljord, Tun Forlag 2007, og lokalkjende i Flate-Flatdal.