Oskar Hovet (t.v), Mari Kleivan Eriksen, Haakon Fugleneb Aaamand, Kaja Lien Bitustøyl, Ella Tjønn Jakobsen, Signe Geiskelid Fjell, Ingrid Romtveit, Gaute Øygarden, Emma Bjålid, Saron Tadegegn, Kjersti Hylland Vågen.

Borna heidra Blåmann

Alle barnehagane i Vinje var samla for å gjere stas på Aasmund Olavsson Vinje.

I samband med den årvisse barnehagedagen i regi av utdanningsforbundet og fagforbundet vart dagen i år tileigna Aasmund Olavsson Vinje.

Marte Nystog er tillitsvald og ein av skiparane av aktivitetsdagen. Ho er glad for at dei kunne samle alle barnehagane i Vinje på Vinjar for å ha ein dag om forfattaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er hyggeleg at alle barnehagane i Vinje kan møtest. I år var temaet «la meg skape», og det høvde godt med 200-årsjubileet til Aasmund O. Vinje. Borna er veldig opptekne av Blåmann. Dei kjenner han frå songen, og så er dei begeistra for bukken, som dei ser i kommunevåpenet, seier Nystog.

Dagen starta med allsong ved bysta til A. O Vinje utanfor Vinjar, før borna skulle sleppe kreativiteten laus innomhus. Her fekk dei i oppgåve å måle og teikne dei ulike karakterane frå den folkekjære songen «Leitande etter Blåmann» også kjend som berre «Blåmann».

Alle versa

Alle seks versa av «Blåmann» vart sunge ved bysta til Aasmund Olavsson Vinje under årets barnehagedag.
Alle seks versa av «Blåmann» vart sunge ved bysta til Aasmund Olavsson Vinje under årets barnehagedag.
Harald Midtveit Lauritsen (t.v), Svein Torjus Kili, Trude Brostigen Ringhus, Ånond Haugen Vaa, Lucas Kroken, Stela Ceponyte, Elisabeth Nesheim, Svein Bergland.
Harald Midtveit Lauritsen (t.v), Svein Torjus Kili, Trude Brostigen Ringhus, Ånond Haugen Vaa, Lucas Kroken, Stela Ceponyte, Elisabeth Nesheim, Svein Bergland.
Hilde Ålid Aasen, Vilde Kleiv, Kristine Tveito, Jonas Hylland, Ånond Grave, og Sondre Teigland.
Hilde Ålid Aasen, Vilde Kleiv, Kristine Tveito, Jonas Hylland, Ånond Grave, og Sondre Teigland.
Erle Vinjerui Bergland (t.v), Amanda Testad Vargas, Sanna Drivarbekk Åmot og Kari Anne Staa land.
Erle Vinjerui Bergland (t.v), Amanda Testad Vargas, Sanna Drivarbekk Åmot og Kari Anne Staa land.

Dei fire barnehagane i Vinje fekk i oppgåve å måle bjørnen frå songen, medan dei i Åmot skulle gjengi «Lykle», som var Blåmanns gamle moder.

– Me har samla alle borna som skal byrje på skulen no til hausten. I barnehagen har me fortald om Aasmund Olavsson Vinje og sunge songane hans. I dag tok me også med alle seks versa, fortel Nystog.

Diktet «Leitande etter blåmann», vart fyrste gong utgitt i Vinje si eiga avis Dølen i 1860, og vart sidan tonesett av komponisten Anne Haavie frå Enebakk.

Det seiast at «Blåmann» er inspirert av Vinje sine opplevingar frå då han i barndomen var gjetargut. Både «Blåmann» og «Lykle» skal ha vore verkelege geiter som Vinje hadde eit nært forhold til, slik det er skildra i diktet.

BLÅMANN

Blåmann, Blåmann, bukken min, tenk på vesle guten din! Bjørnen med sin lodne fell kan deg taka seint i kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gamle Lykle, moder di, seint kom heim med bjølla si. Så ikring seg ho mund' sjå liksom der var fare på.

Det såg ut som der var naud, kanskje no du ligger daud. Tidt du dansa kringom meg, mangt eg rødde då med deg.

Når eg låg som blind og dauv, grov du på meg med di klauv; ja, du ville vekkja meg opp til leiken din med deg.

Du var sprek og glad og god, all mi ros du vel forstod. Tidt du veit eg sa til deg: «Han veit meir enn mata seg.»

Blåmann, Blåmann, svar meg no, mekra med ditt kjende ljod! Ikkje enno, Blåmann min, må du døy frå guten din.