Arild Andersen har vore på Funnemark i 31 år, Magne Gunleik Rue i 33 år (tildelt 2015) og Hans Rue i 31 år.
Arild Andersen har vore på Funnemark i 31 år, Magne Gunleik Rue i 33 år (tildelt 2015) og Hans Rue i 31 år.

Blei heidra for meir enn 30 år på Funnemark

Arild Andersen, Magne Gunleik Rue og Hans Rue er stabil arbeidskraft.

Laurdag blei det markert at kvar av dei tre har arbeidd på Funnemark i Seljord i meir enn 30 år. Dei fekk tildelt Norges Vel medalje for lang og tru teneste på ei samling på Lien Fjellgard i Svartdal.

Medaljen er ei heidersutmerking til arbeidstakarar med minst 30 år hos same arbeidsgjevar, og eit synleg bevis på ein innsats det står stor respekt av.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Totalt er det hittil dela ut sju slike medaljar til tilsette hos Funnemark Seljord. Me er veldig stolte og takksame over stabile og dyktige tilsette, seier dagleg leiar Terje Nordstoga.

Medaljen blir produsert av Det norske  myntverket med like stor presisjon som verdifulle samlemyntar og Nobels fredsprismedalje.