Ian Parry-Jones (Sp) meiner ordføraren har manglande evne til å innsjå den økonomiske situasjonen i Nissedal kommune.
Ian Parry-Jones (Sp) meiner ordføraren har manglande evne til å innsjå den økonomiske situasjonen i Nissedal kommune.

«Anten har ordføraren ikkje fylgd med, eller så har han kome med blank løgn»

Ian Parry-Jones i Nissedal Sp refsar ordføraren for å ha sagt i valkampen at kommunen har ein sunn og solid økonomi.

Nyleg skreiv VTB at ved starten av budsjettarbeidet til rådmannen i Nissedal i haust var det ein manko på åtte millionar kroner. Det gjer at rådmannen føreslår mellom anna å legge ned ein barnehage og auke eigedomsskatten på hus og hytter.

Formannskapsmedlem både dei siste fire åra og i komande periode, Ian Parry-Jones (Sp), seier partiet har vore fullt klar over at Nissedal kommune ikkje har god økonomi. 

– Dette har Sp varsla om over lengre tid, og signala frå rådmannen og kommunens rekneskap har vore krystallklart. Mellom anna hadde Nissedal dårlegaste prosentvis driftsresultat i fjor av alle kommunane i Telemark og Vestfold. Ordføraren fortalde likevel gjennom valkampen i år om ein sunn og solid kommuneøkonomi, samtidig som han lova gratis kulturskule, å fryse eigedomsskatten og så vidare. Anten har ordføraren ikkje fylgd med, eller så har han kome med blank løgn, skyt Parry-Jones frå hofta.

Så legg han til:

– Forresten gjekk ordføraren i 2015 til val på å fjerne eigedomsskatten i 2017 ...

Ville ha betra situasjonen

Parry-Jones fortset med å nemne at Sp har vore med på mange gode vedtak som kostar pengar, men på same tid har partiet kome med fleire forslag dei siste fire åra som ville ha betra situasjonen. Parry-Jones nemner mellom anna å ha eit eige fond for overskot frå IMDI (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet), som han seier har vore opp mot fem millionar kroner årleg.

– Då hadde me kunna trimme organisasjonen gradvis, i staden for å vere der me er i dag – med kraftig kutt og auka eigedomsskatt som alternativ. Me har også ynskt ein ekstern gjennomgang av kommunens organisasjon, men det stemte ordføraren og Ap imot. Det er heilt innlysande at ein ansvarleg ordførar kan ikkje vere med på å opprette ein barnehage i 2019, for så å legge ned ein barnehage i 2020. Kvar er den langsiktige tankegangen og tryggleiken for foreldre og barna, undrar Sp-toppen.

Han nemner elles at så langt i år har ein brukt fire millionar kroner av kommunens reserver (disposisjonsfondet). 

– Ein kan rekne med å måtte ta minst ei dobling frå disposisjonsfondet før det er slutt på dette året, og då er det svært lite igjen til uventa utgifter i 2020, seier Parry-Jones.

Artikkelen held fram under annonsen.

Urovekkande

Så kjem han med eit spark til eit parti som etter valet har bytta side og skal samarbeide med Ap.

– Det er spesielt urovekkande at Høgre i Nissedal har gjeve støtte til sittande ordførar trass hans manglande evne til å innsjå kommunens økonomiske situasjon. Seinast i sommar då me prøvde å redusere godtgjeringa til politikarane, meinte Høgre at forslaget vårt bare var fremja for å irritere ordføraren. Ein kan lure på kva Høgre har brukt dei siste fire åra i formannskapet til. Partiet har i alle fall ikkje brukt tida godt for å forstå kommunens økonomi, avsluttar Parry-Jones.