Alt som er godt for Vest-Telemark

Leiar

Det er ingen tvil om at VTR har fått til ein god del av det som var visjonen ved starten

«Vest-Telemarkrådet skal arbeide for alt som er godt for Vest-Telemark.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var Inge Fjalestads programerklæring i det fyrste møtet i Vest-Telemarkrådet (VTR), då rådet blei skipa i Morgedal onsdag 1. september 1993. Fjalestad, den gong ordførar i Kviteseid, blei valt til den fyrste leiaren for rådet.

«Fire representantar frå kvar av dei seks kommunane ratifiserte vedtektene for Vest-Telemarkrådet. Dermed er to års arbeid med å få skipa rådet sluttført,» skreiv VTB frå skipingsmøtet. Og fortalde at det heile starta med Nystog-utvalet (Olav Nystog, ordførar i Vinje), som skulle sjå på strategiske utviklingstrekk i regionen.

Vest-Telemarkrådet skal vera eit felles organ som kan tale Vest-Telemarks sak og løyse felles spørsmål og oppgåver for kommunane, blei det slege fast.

Dåverande fylkesmann Kjell Bohlin var med på møtet og helsa på denne måten:

– Regionalisering er det beste forsvar mot samanslåing av kommunar. For små kommunar vil det løne seg å stå saman. Mitt håp er at Vest-Telemarkrådet vil bli eit slagkraftig råd. Kommunane i Vest-Telemark har mange å slåss mot. Saman vil de stå sterkare. Så vil fruktene av samarbeidet koma etter kvart.

Den gongen var det Kristiansen-utvalet som la opp til kommunesamanslåing.

På Vest-Telemarkkonferansen i kveld markerer VTR samarbeidet i 20 år. Har kommunane hausta frukter av samarbeidet?

Det enkle svaret dei fleste vil gje er ja. I alle fall ordførarane gjennom dei 20 åra, og ein del fleire politikarar, kjenner kvarandre betre no enn for 20 år sidan. Sjølv om det også tidlegare var ein del formalisert samarbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om folk flest i regionen har så stor kjensle for det VTR driv med, er me meir usikre på. Noko avgjerande makt er ikkje rådet tillagt. Kvar av kommunane må vedta det VTR skal vedta. Arbeidet i rådet har også avslørt motsetningar kommunane imellom

– eller kanskje vel så presist; ordførarane imellom.

– I samband med kommunestrukturdebatten er det veldig viktig å behalde rådet, sa Kviteseid-ordførar Torstein Tveito til VTB i samband med at dei 20 fyrste åra blir dokumentert med eit jubileumsskrift.

Det er ingen tvil om at VTR har fått til ein god del av det som var visjonen ved starten. Som ikkje kunne blitt gjort på sama måten utan samarbeid. Den største utfordringa framover får rådet når den nye dragkampen om kommunesamanslåingar hardnar til for alvor. Det vil utan tvil setja samarbeidet på harde prøver. Då håpar me det vil vise seg nyttig om politikarane greier å samle seg om «alt som er godt for Vest-Telemark» – ikkje berre for kvar sin eigen kommune.