Bendik Aketun gjekk over målstreken på Gautefall som vinnar av noregscupen for juniorar.
Bendik Aketun gjekk over målstreken på Gautefall som vinnar av noregscupen for juniorar.

– Gjekk og smilte på sisterunden

Dei to noregscuprenna i Drangedal etterlet ingen tvil om kven som er landets beste 17-åring i skiskyting. Bendik Aketun bruka den siste runden på laurdagens fellesstart til å smile.

Bendik Aketun krona ein fantastisk fyrstesesong som junior med å vinne dei to siste noregscuprenna på den flotte skiskyttararenaen på Gautefall, og dermed også noregscupen samanlagt i 17-årsklassa. På laurdagens fellesstart hadde Aketun eitt minutts leiing etter den siste skytinga, og ungguten medgjev at han hadde ein hyggeleg avslutning på sesongen.

– Eg gjekk berre rundt og smilte på sisterunden, seier Aketun.

Artikkelen held fram under annonsen.

I mål var han nesten halvminuttet føre Tommi Luchsinger frå Bevern IL. Totalt bomma Aketun berre to gonger på dei fire skytingane, og på kvelden blei han heidra med ei gul trøye som stadfestar at han er årets vinnar av Statkraft cup (noregscupen) for 17-åringar. I tillegg vanka det kake både laurdag og sundag til ære for Aketun.

Sekunddrama

Før helgas to individuelle konkurransar var det heilt jamt mellom Aketun og Johannes Thingnes Bø frå Markane IL. Båe stod med 169 poeng i cupen. Og det var dei to duellantane som gjorde opp på fredagens normaldistanse. Fyresdølen avgjorde sekunddramaet og var eitt sekund raskare på 7,5 kilometeren. Aketun skaut fullt hus på båe skytingane og blei løna med gul trøye før start på laurdagens fellestart.

I fjor var Aketun blant dei 4-5 beste i si årsklasse. Denne sesongen har han tatt steget til å bli best i landet. I tillegg til samanlagtsiger i noregscupen har han også eit gull frå junior-NM.

– Eg hadde ikkje venta at det skulle gå så bra. Målet var å klatre opp på pallen i enkeltrenn, seier han.

Han trur nykelen til suksessen er på standplass.

– Skytinga har fungert veldig bra, seier han.

No ventar ein månad med lett trening før han ser fram mot neste sesong.

Målte krefter mot seniorar

Sundag var det stafett på programmet på Gautefall. Aketun gjekk sisteetappen for Telemark og Vestfold skiskyttarkrins. Laget gjekk i open klasse med deltakarar frå 17 år til senior. Fyresdølen gjekk ein solid etappe for laget som til slutt blei nummer seks.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var høgt nivå, men ei nyttig erfaring, meiner ungguten.

Eirik Aas Levang blei nummer 42 på fredagens sprint. 17-åringen skaut fullt hus på liggande, men bomma to gonger på ståande og var i mål 3 minutt og 35 sekundar bak klubbkameraten.