Versto turistheim brann ned til grunnen fredag morgon.
Versto turistheim brann ned til grunnen fredag morgon.

– Vemodig

Morgedølane vakna til brann i Versto turistheim fredag morgon. Bygget blei raskt overtent, men brannmannskapa redda nabohuset til Marie og Gulle Versto som låg tett ved flammene. – Det er ein forferdeleg vemodig dag, eg blei født i stova på turistheimen. På same tid er eg glad ingen liv gjekk tapt og at brannvesenet redda bustaden vår, seier Gulle Versto.

Brannmannskap frå Kviteseid, Seljord og Vinje arbeidde saman for å få kontroll over flammene då Versto turistheim i Morgedal stod i lys lue tidleg fredag morgon.

– Då brannmannskapa kom fram var huset overtennt, men eit bustadhus og uthus som ligg likeved blei berga takka vere nok ressursar og godt arbeid frå mannskapa i brannvesenet. Dei gjorde ein kjempejobb, rosar lensmann i Vinje, Trond Neri Flothyl.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han opplyser at dagens eigarar av turistheimen, busett i Vestfold, nå er varsla.

– Dei er på ferie i Spania. Ut frå dei opplysningar politiet har skal det heller ikkje ha vore folk i bygget dei siste tri vekene, seier Flothyl.

Kunne ikkje reddast

Brannen blei varsla klokka 06.05 fredag morgon, og politiet fekk opplyst at det verken var folk eller drift i huset.

Brannvesenet meldte at flammene var så heftige at dei ville ha ei kontrollert nedbrenning av huset. Då VTB gjekk i trykken fredag gjennomførte brannmannskapa etterslokking, og politiet ville sperre av området så snart dette var gjort.

– Det er alt for tidleg å seie noko om årsaka til brannen. Nå vil me samle vitneobservasjonar og teknikarane vil kome i gang med åstadsarbeidet til veka, seier Flothyl.

Ulik bruk

Gardsbruket Versto hadde tidlegare både mjølkekyr og grisar, før det utvikla seg til å bli turistheim med gjester både innomhus og på låven under krigen. Men i eit intervju med tidlegare eigar av Versto, Gunleik (Gulle) Versto, fortalde han at dei alt på 1930-talet serverte mat og drikke til arbeidarane som bygde veg gjennom Morgedal.

Det var i 2001 Versto selde eigedomen og han har i ettertid også ligge ute for sal i fleire rundar. I løpet av dei ti siste åra har eigedommen i tillegg til å vere bustad, husa brukthandel. Interesserte har ynskt å sjå på bygget for bruk til asylmottak og dei siste åra har det alternative kurssenteret Miruja halde til på Versto fram til dei avvikla drifta og flytta 1. oktober.

51 sengeplassar

På tidlegare salsprospekt, mellom anna frå 2009, blei det opplyst at turistheimen hadde eit bruksareal på 635 kvadratmeter der hovudhuset mellom anna inneheldt spisesal, resepsjon, kontor, storkjøkken, peisestoge og dansesal i fyrste etasje. I andre etasje var det eit damebad og eitt herrebad og sytten soverom. Det var også to soverom og lager på loftet, det blei også opplyst at turistheimen hadde 51 sengeplassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tusen takk til dyktige brannmenn

Fredag blei ein tøff og frykteleg vemodig dag for tidlegare eigar av Versto turistheim og næraste nabo, Marie og Gulle Versto. For ti år sidan selde Gulle eigedomen som ligg som næraste nabo til bustadhuset der han og kona bur i dag.

Gulle fortel at han og barnebarna sov i fyrste etasje av bustadhuset natt til fredag. Brått blei dei vekt av kraftig banking på døra kvart over seks fredag morgon.

– Eg forstod at noko var skikkeleg gale, og det var tøft å sjå barndomsheimen min stå i full fyr. Eg blei født i stova på Versto. Eg var så liten at eg fekk plass i ein skoask. Nå er eg glad det ikkje var folk på turistheimen, eg visste at det ikkje budde folk der nå, seier Gulle.

Då han, kona og barnebarna var trygt ute, fekk Gulle også redda ut den gamle flotte Forden sin. Så blei brannmannskapa bekymra for at brannen skulle spreie seg til bustaden deira også.

– Me blei bedne om å bere ut ting, men kor skal ein begynne i ein slik situasjon, seier han.

Fantastiske

Heilt sidan morgonen har han fylgd brannmannskapets innsats, og fullrosar arbeidet dei har utført.

– Eg trur det har vore 20-25 mann her, dei har jobba knallhardt alle saman. Og Marie og eg er så takksame for innsatsen deira. Me har også sett at brannmannskapa frå Seljord, Vinje og Kviteseid har samarbeidd kjempebra. Dei redda bustaden vår, og det ser ikkje ut til at den er påført skadar etter flammene. Kanskje det bare har kome litt vatn innanfor kledninga, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel vidare at han har fått tydelege bevis på at naboar og bygdefolket bryr seg på ein trist dag som dette.

– Mellom anna så kom Hege Bjåland med nybaka kringle, det var koseleg, fortel Gulle.