Ynskjer lågare fartsgrense på Rv41

Kviteseid kommune vil be Statens vegvesen om å vurdere fartsgrensa på Rv41 frå krysset ned til Kviteseid sentrum og til Holtan.

I dag er det 60-sone frå Kvitsund til Opsund søndre. Vidare oppover mot Brunkeberg er fartsgrensa 80.

– Vegen blir bruka av mange gåande, og der er mange stygge svingar der det er direkte livsfarleg å gå på «rett» side. I tillegg er det fleire farlege avkøyringar, sa Tarjei Draugedal (KrF) i torsdagens kommunestyremøte i Kviteseid.

Han ynskjer at fartsgrensa forbi begge avkøyringane ned til Kviteseid og til avkøyringa ved Opsund søndre til 50 kilometer i timen, og forbi Draugedalen og til Holtan ei fartsgrense på 60 km/t.