Solberg: Første vaksine kan bli sett i romjula

Statsminister Erna Solberg (H) seier at dei første vaksinane mot koronaviruset kan bli sette allereie i romjula eller nyttårshelga.

Statsministeren innleidde den siste pressekonferansen sin før jul med å summere opp det siste året. Ho ramsa opp alle dei spesielle omstenda koronaviruset har ført til det siste året, men at ho no håpar Noreg kan sjå framover og mot ein veg ut av krisa.

– Utstyr er bestilt. Det er ikkje usannsynleg at dei første vaksineringane kjem til å skje i romjula eller nyttårshelga i Noreg, seier Solberg, men legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– På same måte som krisa har vart ei stund, vil vegen ut av krisa ta ei stund.

(©NPK)