Skiensgjeng laga kvalm på VTB-buss

Det kan bli reist straffesak mot ein gjeng Skiensgutar i alderen 17-19 år som laga kvalm med drikking og bråk på VTB-bussen frå Bø til Fyresdal fredagskvelden. Den eine av gutane kan bli skulda for lekamsfornærming, etter at han treiv tak i bussjåføren ved avgang i Vråliosen. Laurdag morgon oppsøkte Kviteseid-lensmannen Skiensgjengen på hytta i Vråliosen, og fekk identiteten på ungdomane.

-Me ser svært alvorleg på slik oppførsel på offentleg stad, opplyser ein ved Kviteseid lensmannkontor.

Vinter-fotball: Åmdal/Tokke-tap

Hei blei for sterke i vinterseriekampen mot Åmdal/Tokke laurdag og vann 2-0 på ein svært vanskeleg Lunde-bane. Åmdal/ Tokke hadde og sine sjansar, men Hei avgjorde på eit straffespark mot slutten av kampen. Gunnar Veum, eks Fyresdal, prøva seg med hell på Åmdal/ Tokke. Også Jan Skeimo har meldt overgang frå Fyresdal til Åmdal/Tokke. Sundagskampane blei avlyste, slik at Seljord og Fyresdal møter høvesvis Gransherad og Kjapp seinare på vinteren.

Tilskot til kassett

Sondre Bratland får eit tilskot på 3750 kroner dersom sakshandsamars framlegg til vedtak går i gjennom i hovudutval for kyrkje og kultur i Vinje. Pengane skal nyttast til kassettutgjevinga til Ragnar Vigdal, Asbjørn Ormberg og Sondre Bratland. Saka skal opp i hovudutvalet 30. januar.

Kilegrend lengst utan straum

Både folk i Fyresdal, Seljord, Brunkeberg og Vrådal var utan straum i periodar i helga. Store tunge snømengder førte til mange trefall over linene, og Vest-Telemark Kraftlag hadde jobben med å rette feil frå 12-tida sundag og langt utover måndagen. Kilegrend missa straumen ved midnattstider sundag, og på måndag ettermiddag var hadde ein enno ikkje fått retta opp att denne feilen.