Omikron har komme til Noreg – to tilfelle påviste i Øygarden

Den nye koronavirusvarianten omikron er no påvist òg i Noreg, stadfestar Øygarden kommune.

Varianten vart først påvist i Sør-Afrika og har skapt uro verda rundt sidan den ser ut til å vere meir smittsam. Ifølgje ein risikorapport frå Folkehelseinstituttet (FHI) gir den truleg ikkje meir alvorleg sjukdom eller død.

FHI-direktør Camilla Stoltenberg sa måndag morgon til NRK at det er grunn til bekymring.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, vi skal vere bekymra. Så er det Folkehelseinstituttets jobb å vere bekymra på ein profesjonell måte, heile tida, og vurdere kva som kan skje, og kva som er dei verre scenarioa for kva som kan skje, sa Stoltenberg.

FHI trur det er sannsynleg at vaksinane verkar òg mot denne varianten.

– Kor godt veit vi ikkje, sa Stoltenberg.

Ifølgje FHI vil det komme svar om dette innan midten av desember.

FHI meiner òg at lokale utbrot av varianten bør slåast ned dei kommande vekene, fram til vi har fått meir oversikt over han.

Den nye koronavarianten vart meld til Verdshelseorganisasjonen (WHO) 24. november. Den har sidan spreidd seg til fleire land, mellom anna i Europa. Noreg og fleire andre land har innført innreiserestriksjonar frå ei rekkje land i sørlege Afrika.