Kommuneoverlege: Marius Opsahl

Ingen mutasjon påvist i Vinje-utbrotet

Kommuneoverlege Marius Opsahl seier dei no har fått svar på analysen av viruset frå koronautbrotet i kommunen over jol.

Les også
Sjekkar om koronatilfelle kan vera mutert variant

– Det var negativt, altså dreia det seg om den opphavlege varianten, og ikkje den britiske mutasjonen. Så vidt eg er klar over har både prøvene frå sjukehuset og dei andre kommunane som sende inn prøver knytt til same utbrotet vist det same, seier han.

– Den muterte varianten er heftigare, som me ser i Østfoldsområdet. Eg trur det kan vera eit tidsspørsmål før me får eit utbrot av denne varianten, med tanke på kor smittsam den er, held Opsahl fram.