«Eg ser at kommunen stadig legg nye hinder i vegen for at det kan parkere bubilar mellom båtutsleppet og kyrkja»

Tarjei Draugedal (KrF) tok opp bubilparkeringa i sentrum i ein interpellasjon i torsdagens kommunestyremøte.

– Eg ser at kommunen stadig legg nye hinder i vegen for at det kan parkere bubilar mellom båtutsleppet og kyrkja. Det siste no er at dei også skal betale, utan at dei får straum ein gong. Eg trudde det var positivt med så mykje turistar som råd i sentrum. Ser rådmannen det som positivt eller negativt at dette området blir bruka som bubilparkering, spurde Draugedal skriftleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har lagt til rette for fornuftig bubilparkering, repliserte rådmann Øystein Tveit.

Han sa at det hadde vore eit problem med bubilar som har sperra gang- og sykkelvegen.

– Betalinga brukar me til oppsyn og rydding. Me treng eit system for å handtere bubilane. Me er positive, men det må vera i ordna formar. Det same gjeld i Vrådal, svara rådmannen.