300 000 til motorklubbhus

Eit samrøystes Nissedal kommunestyre har vedteke framlegget frå formannskapet om å stø Åmli og Nissedal motorsportklubb med 300 000 kroner til å bygge klubbhus på anlegget dei har bygd i Haugsjåsund.

Det kommunale lånet klubben fekk i 2016 blir betalt inn/gjort opp når endeleg oppgjer for spelemidlar blir utbetalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilskotet på 300 000 kroner blir finansiert ved bruk av buffer/midlar som kommunen har sett av.

– Dette er ei veldig gladsak, sa kommunestyrerepresentant Anne-Nora Oma Dahle (Sp), og la til at dette er snakk om ei gruppe med ungdomar som ikkje har hatt mykje tilbod tidlegare før motorsportanlegget kom.