Seier sjeldan nei: Georg Tore Almelien frå Treungen er glad for den nye ordninga, og stiller stort sett opp når han får telefon.

Georg Tore er glad for denne ordninga. – Før var det nesten umogleg å få løyve. Eg har ønska meg det i tretti år

i 2020 blei det nye reglar for dei som har drosjeløyve. Me har tatt ein prat med ein av dei som køyrer drosje i Vest-Telemark.

Ein VTB-lesar var ute på vift og ville ta drosje heim. Då viste det seg at det ikkje var tilgjengelege drosjer. Han tenkte at det var ei vaktordning for dei som har drosjeløyve, men slik er det ikkje.

Ikkje krav til køyretider eller løyvestader

– Det er ikkje lenger noko krav til å halde løyvet i drift til visse tider, eller på visse stader. Løyvehavar kan sjølv velje når han vil køyre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det seier Trond Myhre, Seksjonsleiar for Kollektiv og mobilitet i Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Det finst heller ikkje lenger løyvedistrikt eller stasjoneringsstader, slik det gjorde før.

– I utgangspunktet kan drosjene nå køyre kvar dei vil i heile Noreg, fortel Myhre.

Framleis krav til dei som køyrer drosje

Georg Tore Almelien er glad for denne ordninga.

– Før var det nesten umogleg å få drosjeløyve. Eg har ønska meg det i tretti år, fortel han.

Tidlegare hadde han selskapsvognløyve. Med dei nye reglane, som kom i 2020, kunne han søke om drosjeløyve. Sjølv om det nå er lettare å få løyve, er det ikkje fritt fram. Det er framleis ein del krav.

– Ein skal ha god vandel og tilfredsstillande økonomiske evner. Og bilen må registrerast som drosje, fortel Almelien.

Almelien transport: Georg Tore Almelien har to minibussar, to drosjer og ti andre bilar. I tillegg til å køyre drosje køyrer Almelien skuleungane frå Felle til Treungen.

Ikkje køyreplikt

Køyreplikt har dei ikkje. Og det finst inga vaktordning.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så folk kan ikkje bli sure for å ikkje få drosje, seier Almelien.

Sjølv brukar han å stille opp når folk ringer. Det blir mest køyring i helgene.

– Og det er klart at når ein har køyrt fram til klokka fire på natta, og så blir ringt etter klokka halv seks, så er det ikkje alltid like freistande å reise ut, seier han.

Fornøgd med ungdommen

Det er mykje ungdom som ringer til Almelien i helgene.

– Eg brukar å sei at det er verdt eit par hundre kroner å kome seg trygt heim, seier han.

Tidlegare, då han sjølv var ung, hendte det at ungdom køyrde i ruspåverka tilstand.

– Det trur eg ingen her gjer lenger, seier sjåføren.

– Ungdommane her er fantastisk greie å køyre på. Det er aldri noko bråk med dei, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Drosje: Almelien syter for å få ungdom trygt heim frå fest. Han meiner det kan vere ein fordel å kjenne ungdommane, og foreldra, til dei han køyrer.