Vil bygge datasenter på Vistadmoen. – Dette er kritisk infrastruktur
Selskapet DataEnergy jobbar med å bygge og etablere datasenter på Vistadmoen på Dalen.
Helge Gallefoss er CEO (Chief Executive Officer), eller administrerande direktør, for selskapet DataEnergy. Medan DataEnergy er eit ganske nytt selskap som førebels ikkje har datasenter i porteføljen, er det mykje erfaring i selskapet. Gallefoss har arbeidd med digital infrastruktur sidan tidleg på 90-talet, og etablerte mellom anna datasenter også alt på 90-talet.
Selskapet DataEnergy ønsker nå å etablere datasenter på Vistadmoen på Dalen, og før jol besøkte Gallefoss, sonen David Gallefoss og Øivind O. Magnussen politikarane i Tokke for å orientere om planane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etablering av datasenter har vore eit tema fleire gonger dei siste åra i Tokke, og meiningane hos politikarane har vore delte. Gallefoss var klar på at det er viktig for selskapet å ha godt samarbeid og ei god lokal forankring om dei skal gjere noko.
– Datasenter er den nye industrien. Noreg er ein industrinasjon, me har kraft og me bør bruke det. Det er stor etterspurnad etter datasenter, sa Gallefoss.
Eit datasenter er eit fysisk bygg der mange datamaskiner er samla for å handtere eller lagre store mengder data. Derfor er me alle brukarar av datasenter kvar einaste dag – når me brukar internett, handlar på nett, lagrar bilde. Mellom anna.
– Dette er kritisk infrastruktur, sa Gallefoss.
Vil bruke overskotsvarmen
DataEnergy fortel at dei er godt i gang med planane på Dalen, bygget som er tenkt er på rundt 3000 kvadratmeter og på to etasjar. Men selskapet har planar om å bygge modulært, altså ikkje alt på ein gong.
Ifølge Gallefoss ønsker DataEnergy å bygge fleire mindre senter framfor dei veldig store. Eit datasenter skaper veldig mykje overskotsvarme, og DataEnergy ønsker å bruke denne varmen til noko og slik få til ein sirkulærøkonomi. Eksempel kan vere drivhus, landbasert oppdrett, kanskje det kan brukast til å varme opp basseng, eller ein kan skape opplevingar rundt dette.
– Overskotsvarmen bør brukast i nærområdet, fortel Gallefoss.
Mette Lillegård (Ap) lurte på om kva behovet for lokal arbeidskraft kan bli om det kjem eit datasenter på Dalen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me ønsker jo å gjere rekruttering lokal, og eit datasenter treng tilsyn. Det er vanskeleg å anslå kor mange arbeidsplassar det kan bli, men at det blir arbeidsplassar er sikkert, svarte Gallefoss.
Arne Johannesen (SV) stilte spørsmål om kva slags aktørar som eventuelt vil bruke datasenteret.
– Det blir litt som å spørje eit hotell om kva slags gjester eit hotell skal ha. Men det blir ikkje krypto, svarte Gallefoss.
Han la til at han håpar på norske aktørar, til dømes offentlege aktørar slik at desse dataa blir lagra i Noreg.
– Men me får ikkje dette til å eskalere utan internasjonale aktørar, kommenterte han.
Håpar dei kan vere klare om to år
Til VTB utdjupar Gallefoss at dei ikkje kan finne kundar før dei veit meir om når datasenteret eventuelt er klar til bruk.
Gallefoss og Magnussen fortel at dei nå arbeider med å finne ut kor mykje kraft dei kan få tilgang på.
– Kva tidsperspektiv har dykk?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me håpar på to år. Men det er om alle korta fell rett, svarar Gallefoss.
Her er det også ein del faktorar som det er vanskeleg å ha full oversikt over, som til dømes leveringstida på utstyret.