Tidlegare Hydro-topp Svein Richard Brandtzæg har leidd det regjeringsoppnemnde Distriktsnæringsutvalet. Utvalet foreslår ei rekkje tiltak for å motverke trenden med sterk fråflytting frå distrikta. Arkivfoto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

Utval meiner aukande fråflytting er Distrikts-Noregs største problem

Det blir fødd for få og flyttar for mange frå distrikta, ifølgje eit utval. Dei rår til fleire statlege jobbar og at meir av verdiskaping blir behalde lokalt.

At kommunane skal få behalde meir av dei verdiane som blir skapte lokalt, spesielt knytt til naturressursar, er ei av tilrådingane frå Distriktsnæringsutvalet. Svein Richard Brandtzæg leier utvalet, som er utnemnt av regjeringa.

– Det vil gi vertskommunane sterkare insentiv for å leggje til rette for næringsverksemd og gi betre utnytting av dei rike naturressursane i landet, sa Brandtzæg under overlevering av rapporten frå utvalet onsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mandatet frå utvalet har vore å greie ut betydinga til næringslivet for å nå distriktspolitiske mål.

Babymangel

Ifølgje utvalet er fallande innbyggjartal og mangel på arbeidskraft den største utfordringa i distrikta.

– For å halde oppe og utvikle lokalsamfunn, så er ein avhengig av innbyggjarar, fastslo Brandtzæg.

For dei tynnast folkesette kommunane har innbyggjartalet falle kraftig over lang tid, og utvalet anslår at det vil halde fram med å falle med 18 prosent fram til 2040.

Det inneber ein befolkningsnedgang i dobbelt så mange kommunar som i SSBs anslag.

–Det er viktig at kommunane har eit realistisk bilete av befolkningsutviklinga når dei skal gjere prioriteringane sine for framtida, seier Brandtzæg.

Fallande fødselstal blir peika på som ei viktig forklaring. I desse kommunane har delen babyar falle frå 3.000 for 20 år sidan til 2.000 i fjor. Eit tydeleg «hol» i aldersgruppa 20 til 40 år blir peika på som ei naturleg forklaring.

Treng fleire statlege jobbar

Rapporten viser at sjølv om mange av dei minst sentrale kommunane har ei svært høg verdiskaping innan kraft og fiske og havbruk, så bidreg ikkje desse næringane til mange jobbar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit liknande mønster ser ein i landbruket som har høg produktivitetsvekst, men behov for stadig færre tilsette på grunn av automatisering og fallande etterspurnad.

Utvalet tilrår fleire grep for å sikre meir varierte arbeidsmarknader i distrikta, og etterlyser særleg fleire statlege jobbar. Dei peikar på at sjølv om talet på statlege arbeidsplassar i Noreg har auka med 15 prosent dei siste åra, så har utviklinga gått motsett veg i utkantkommunane, som har mista 12 prosent av dei statlege arbeidsplassane.

Utvalet støttar innstramminga som inneber at ingen statlege direktorat, etatar eller tilsyn kan leggje ned lokale kontor utan aksept frå regjeringa.

Viktig med desentralisert utdanning

Utvalet åtvarar òg om at den gjennomførte strukturreforma il regjeringa innan høgare utdanning kan føre til ei ytterlegare sentralisering av utdanningsinstitusjonane.

Eit finansieringssystem som sikrar studiestader i distrikta er ei klar tilråding frå utvalet, som peikar på at om lag 70 prosent blir verande i den regionen dei har gjennomført studiane sine i.

Regionale trainee-ordningar slik at bedrifter lettare kan få rekruttert nyutdanna med ønskt kompetanse, er blant forslaga til utvalet.

Hyttefolket – ubrukt ressurs

Utvalet peikar på at hytter er viktig for næringsutvikling og arbeidsplassar i mange distriktskommunar, og at hyttefolket i dag er ein ressurs som i for lita grad blir utnytta. Samtidig blir det peika på at typiske hyttekommunar gjerne har mange fleire brukarar av kommunale tenester enn det innbyggjartalet tilseier.

Utvalet meiner det derfor bør vurderast korleis brukartal framfor folketal kan vektleggjast ved lokalisering, dimensjonering og finansiering av offentlege tenester og infrastruktur.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)