Ønsker velkomen: Kristyna Hubalkova og Daniel Hubalek er dei nye drivarane av serveringsstaden ved Straand sommarland.

Tsjekkisk syskenpar driv strandbar i Vrådal

Summerland beach bar finn du nedanfor Straand Hotel i Vrådal. Der finn du også det tsjekkiske syskenparet Kristyna og Daniel, som står klare med smil og ny meny.

Kristyna Hubalkova og Daniel Hubalek la ut på reise frå Tsjekkia for tre år sidan. Då trefte dei ein kompis av Daniel som jobba i Vrådal. Daniel fekk seg jobb på gard og blei verande. Kristyna reiste til Island og jobba på gard der. Syster og bror møttest att i Thailand før Daniel reiste tilbake for å jobbe som servitør på Straand Hotel i mai 2019. Kristyna kom etter og byrja å jobbe ved hotellet i desember. Leiinga ved hotellet var så nøgde med arbeidet til det tsjekkiske syskenparet at dei tilbydde Kristyna og Daniel å drive strandbaren ved Straand sommarland i sommar.

– Me bestemde oss for å prøve lykka, seier dei to.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fersk og sunn meny

Nå har dei gjort om på kafeen ved Nisser slik at han har fått eit restaurantpreg. I tillegg tilbyr dei hengekøyer, volleyball, fotball, sjakk, båtleige, spel og kubb.

– Me har også forandra menyen. Alt er ferskt og sunt. I år kan me også tilby drinkar, seier Kristyna.

Syskenparet ser for seg å ha ulike arrangement, som temafestar, annankvar veke. Dei fortel at dei lokale omfamnar staden, som held oppe kvar dag fram til september. Kristyna og Daniel kommuniserer på engelsk både med gjestene og på Facebook-sida til Summerland beach bar.

– Me trur ikkje engelsken skremmer vekk dei norske turistane. Me er sikre på at gjestene skal klare å kommunisere med oss, seier Kristyna, som samtidig skryter av engelsknivået til nordmenn.

Trivest i Vrådal

Syskenparet har verkeleg falle for Vrådal.

– Vrådal er ein magisk plass. Naturen er flott. Me likar oss her. Folk er gode og me har fått mange vener, seier dei to med eit smil.

Sjølv om koronapandemien har stogga litt, så har Kristyna og Daniel mange planar for Summerland beach bar.

– Me trur me gjer dette neste år også om denne sommaren går bra, avsluttar dei.