Blir endra: Innan 2034 må alle mjølkekyr ha plass til å vandre fritt i fjøsen.

To av tre mjølkekyr i lausdriftsfjøs

64 prosent av mjølkekyrne her til lands hadde plass i lausdriftsfjøs i 2020. I gjennomsnitt måtte 42 kyr dele plassen i lausdriftsfjøs, medan talet på kyr i båsfjøs var 19, viser tal frå landbruksteljinga til Statistisk sentralbyrå (SSB).

I 2013 stod 46 prosent av kyrne i lausdriftsfjøs, viser statistikken.

Over 4.000 av dei i alt 7.145 mjølkeprodusentane hadde stadig mjølkekyr på bås i 2020. Frå 2034 er kravet at alle mjølkekyr skal ha rom til å gå fritt omkring i fjøsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vestland fylke hadde i fjor den lågaste delen dyreplassar i lausdrift med 52 prosent. Trøndelag hadde den høgaste delen med 71 prosent.

Andelen bruk med mjølkerobot auka frå 15 prosent i 2013 til 34 prosent i 2020. Desse jordbruksbedriftene stod for 55 prosent av alle dyreplassane. Bruka med mjølkerobot hadde i gjennomsnitt 48 dyreplassar for mjølkekyr, mot 21 for dei utan robot.

(©NPK)