Lett val: Thomas Berstad har jobba i hotell og restaurant-bransjen lenge og då han bestemte seg for å flytte til heimbygda var det et lett val å lande på å starte restaurant.

Thomas har eitt tips til unge gründerspirer. – Prøv, og gjer nøkterne investeringar til å begynne med

Ambros Rønjom Rue (17) går entreprenørskap på Kvitsund. Han kan tenkje seg å starte si eiga verksemd. På Vest-Telemarkkonferansen fekk han møte både politikarar og bedriftseigarar.

15 entreprenørskapselevar frå Kvitsund gymnas var med på Vest-Telemarkkonferansen for å lære om det lokale næringslivet. Ambros Rønjom Rue (17) frå Flatdal er ein av elevane i klassa. Han kunne tenkje seg å starte ei verksemd.

– Eg synest det verkar interessant å byggje noko opp frå botn. I tillegg til at ein kan skape noko eller endre samfunnet på ein eller annan måte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han veit ikkje heilt kva han ynskjer å drive med enno.

– Kanskje noko innanfor teknologi, men det er veldig mange som driv med det akkurat no og då kan det vere vanskeleg å skilje seg ut.

Noko av det viktigaste om han vel å starte bedrift, er at det skal vere noko berekraftig og at det kan føre til noko positivt for lokalsamfunnet.

Det er Solveig Sundbø Abrahamsen, ordførar i Seljord, glad for å høyre.

– Eg er glad for alle initiativ i Seljord. Me ynskjer å heie på alle som har idear og eit ynske om å starte opp noko.

Kan få hjelp hos næringshagen

Ho fortel at kommunen sender alle som ynskjer å starte verksemd vidare til Telemark Næringshage i Kviteseid. Der har dei ordning for nyetablering som heiter Start Opp.

– Der vil dei hjelpe deg og gi deg råd alt frå idéfasen, fortel Abrahamsen, som leia næringshagen før ho blei ordførar.

Tips: Ordføraren kom med tips og forklarte Ambros korleis ein burde gå fram om ein ynskjer å starte ei verksemd i Seljord kommune.

Det er Ambros glad for å høyre. Samtidig som han lurar på korleis det hadde vore å starta verksemd i heimbygda.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Flatdal er ein liten stad, men det kan nok bli krevjande å starte ei verksemd der, seier han.

Lukkast med bygderestauranten

Thomas Berstad er derimot ein som har etablert seg på ein liten stad, med mellom anna Bjaaland Bygderestaurant i Morgedal. Berstad var ein av dei lokale verksemdseigarane under bolken Lokal inspirasjon på Vest-Telemarkkonferansen.

– Då kunne me drive med noko me var gode på, på den staden me ynskte å bu, fortel han fornøgd.

Berstad synest ikkje det var vanskeleg å velje om dei skulle starte opp eller ikkje.

Store moglegheiter på små stader

– På ein så liten stad er ein nesten nøydd til å starte sin eigen arbeidsplass. I tillegg er det billeg å skaffe næringseigedom på bygda samanlikna med større stader.

Ein av dei tinga som Ambros lurte på var korleis ein kan få folk interessert i verksemda si når ein bur på ein så liten stad. Berstad trur at det å drive på bygda kan gi moglegheit til å trekkje tilreisande til små bygder.

– Her står ein i tillegg meir ut enn det ein hadde gjort i ein by.

Han trur noko av årsaka til at dei lykkast med bygderestauranten var at dei hadde god kompetanse og erfaring frå før.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til den unge gründerspira har han berre eit tips: – Prøv, og gjer nøkterne investeringar til å begynne med. Då har du lite å tape, om du skulle mislykkast.

Meir frå Vest-Telemark-konferansen her: