Klargjer: Elevane klargjer printinga av logoen på fjøla på datamaskina. Frå venstre: Olav Tveito, Layrinas Lamsodis og Sveinung Sem Lofthus.

Teorifag på skulen er ikkje noko for dei. Nå har dei starta å produsere skjerefjøler

Tarjai Gøytil, Olav Tveito, Layrinas Lamsodis og Sveinung Sem Lofthus ved Åmot skule vil helst skape noko med hendene eller byggje noko. Teorifag på skulen er ikkje noko for dei, og slik starta dei produksjon av skjerefjøler.

Det starta for nokre år sidan då arbeidslivsfaget kom inn i skulen. Elevane laga trebenkar som dei selde. For pengane dei tente kjøpte dei ein tredimensjonal skrivar. Dette gav idear til vidare utvikling av arbeidslivsfaget og kva det kunne innehalde. Det var ein forsiktig start på noko som skulle utvikle seg til elevselskapet Vinje Fjøle.

Demonstrasjon hos Øyfjell kjøkken

Den vidare vegen frå å skaffe seg ein skrivar til selskapet Vinje Fjøle blei ein realitet var å sjå ein fres som skar ut store ting i tre. Då fall valet på Øyfjell kjøkken. Dette syntest elevane var spanande å sjå i praksis og det gav dei ny inspirasjon. Felles for elevane på dette prosjektet er at dei vil byrje på yrkesfag neste år og likar ikkje fag med så mykje teori.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg likar ikkje så mykje teori og synest det er vanskeleg å følgje med. Eg likar praktiske fag der eg kan bruke hendene og byggje noko. Neste år vil eg søkje meg inn på yrkesfagskulen. Det blir noko innanfor TIP (Teknisk industri produksjon), bygg eller anlegg, seier Sveinung Sem Lofthus.

Teikna: Sveinung Sem Lofthus er særs nøgd med prosjektet Vinje Fjøle og var den som teikna skjerefjøla.

Materiale til skjerefjølene får dei frå Øyfjell kjøkken, av avkapp frå plankar.

Vil utvikle formingsfaget

Terje Haugen er formingsfag/arbeidslivslærar og han har ein del tankar om det tradisjonelle formingsfaget. Han vil utvikle faget og gje det nytt innhald, og håpar på den måten å stimulere til dei kreative sidene hos elevane.

– Eg vil ha eit fag der ein ikkje berre brukar høvel og symaskin. Det blir litt å feile og prøve i byrjinga for elevane i prosjektet, men ein lærer av det også. Det er godt å kunne gjera noko for næringslivet i Vinje også. Kanskje elevar blir framtidige entreprenørar eller gründarar i Vinje, fortel Haugen.

For fleire elevar har teoretiske fag som matte til dømes blitt mykje lettare å lære, då dei ser at det kan brukast til noko i praktiske fag. Det er ikkje lenger noko abstrakt som ein ikkje veit kva skal brukast til.

Inspirasjonstur til Jernia

Etter at elevane bestemte seg for å starte eiga bedrift, måtte dei få idear til kva dei ville lage. Ein tur til Jernia i Åmot gav inspirasjon og dei bestemte seg for å lage skjerefjøl. Fyrste steget var å teikne den. Så måtte ein tenkje ut korleis ein skulle marknadsføre produktet. Til no har dei selt fire eksemplar av fjøla. Løysinga på marknadsføringa var mellom anna å bruke Instagram. Neste steg var å lage budsjett og rekne ut kva dei skulle ta for produktet.

– Dette gjekk stort sett bra, men det var litt vanskeleg å finne prisen me skulle ta, fortel Lamsodis.

Siste steget har vore å bruke CNC-fresen til å brenne inn logoen til bedrifta i fjøla. Dette prosjektet kan også vera kjekt å ha på CV-en til elevane, fortel Haugen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ferdig produkt: Slik ser dei ferdige skjerefjølene ut.
Skrivar: Tarjai Gøytil matar plastikk inn i den tredimensjonale printeren før han skriv ut.