Begge partar fornøgde: Sverre Syftestad (t.h.) sel Seljord gravferdsbyrå til Kjetil Hylland Olsnes som driv Vest-Telemark gravferdsbyrå.

Sverre og Kjetil har blitt einige

For eitt år sidan overtok Kjetil Hylland Olsnes Vest-Telemark gravferdsbyrå. Nå utvidar han, og kjøper Seljord gravferdsbyrå av Sverre Syftestad.

I haust bestemte Sverre Syftestad seg for å selje Seljord gravferdsbyrå.

– I starten var det mange som var interesserte, totalt var tre kjeder interessert, men dei fann ut at det var litt for langt unna og at det er litt lite. Kjetil og eg prata også litt saman, men vart fyrst ikkje einige, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men dei tidlegare konkurrentane prata igjen, og vart einige.

– Kjetil får eit større område og han får ein konkurrent ut av området, så me er happy begge to, smiler Syftestad.

To kontor

Syftestad kjøpte Seljord gravferdsbyrå av Gunstein Berge i 2003. Berge hadde drive i 23 år, Syftestad i 20 år, så etter 43 år som Seljord gravferdsbyrå er det altså slutt. Men kjøpar Hylland Olsnes fortel at bortsett frå namnet, blir lite endra.

– Alt vil fungere som før, det blir same telefonnummer som før. Det er berre Kjetil som svarar i staden for Sverre, fortel Hylland Olsnes.

Han har arbeidd som ambulansesjåfør i over tjue år, men for eitt år sidan overtok han Tokke begravelsesbyrå som svigerfaren Torgeir Kovajord og kona Eldbjørg Landsverk dreiv saman. Han endra då namnet på byrået til Vest-Telemark gravferdsbyrå, og har base i Høydalsmo. Der har dei garasje, lager og i desse dagar flyttar dei inn i kontor rett ved Cirkle K.

Han fortel at kundegruppa deira primært har vore frå Vinje og Tokke, men også litt i andre delar av Vest-Telemark – eit normalår har lege på mellom 70 og 90 gravferder.

– Det går veldig opp og ned. I fjor var det veldig mykje med 103 gravferder.

For Syftestad har det vore mest oppdrag i Kviteseid og Seljord, men også litt andre stadar. Dei siste åra har det i snitt vore 60–65 gravferder i året.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nøyaktig kva Hylland Olsnes må betale for Seljord gravferdsbyrå vil dei ikkje røpe. Men han kjøper alt av inventar, og i løpet av ein månads tid overtek han kontoret i Kviteseid med garasje, lager og bil – og ikkje minst telefonnummeret.

Nytt namn: Namnet Seljord gravferdsbyrå går ut av historia, men Vest-Telemark gravferdsbyrå kjem til å behalde lokala i Kviteseid.

– Er ikkje det fælt?

– Kva er vanleg respons når de fortel folk kva de jobbar med?

– Er ikkje det fælt? Nei, det er ikkje det. Det er ein veldig gjevande jobb, synest eg. Når nokon mistar nokon er det mykje å ordne, og når me kan seie at det ordnar me, ser me lettinga hos folk. Det er ein takksam jobb, meiner Hylland Olsnes.

– Me møter folk i ein sårbar situasjon. Dei er på sitt svakaste, og me er her for å hjelpe, legg Syftestad til.

Etter tjue år er han vant til ulike reaksjonar når han fortel folk kva han jobbar med. Det byrjar ofte med:

– Er det sant?

Men så blir dei veldig nysgjerrige.

– Dei synest faktisk det er litt spennande å høyre om, og etter ei stund er det mange som seier at det kunne dei faktisk tenke seg å gjere sjølve. Det å døy er jo like naturleg som å bli født. Men det er litt meir tabu å prate om.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter tjue år i bransjen er Syftestad klar for noko nytt, og han har planar på gang.

Hylland Olsnes får på sin side truleg meir å gjere i Vest-Telemark. Eldbjørg Landsverk jobbar framleis i byrået, og svigerfar Torgeir Kovajord hjelper også framleis litt til. Han har også ein person til som skal arbeide for han. Han er spent på utvidinga.

– Kvifor ville du kjøpe Seljord gravferdsbyrå?

– Det er for å sikre seg mot konkurrentar, for å sikre drifta og på sikt få fleire tilsette, svarar Hylland Olsnes.

– Når ein er større blir du mindre sårbar, og har fleire bein å stå på, nikkar Syftestad.

Einige: Kjetil Hylland Olsnes og Sverre Syftestad prata saman nokre gonger, og vart til slutt einige om kjøp og sal.