Bondelagsleiar: Trude Flatland.

Staten tilbyr 3,3 milliardar i jordbruksoppgjeret. – Skuffande lågt

Staten tilbyr 3,3 milliardar i jordbruksoppgjeret. Kravet frå bøndene er på 6,9 milliardar.

Staten la fredag fram tilbodet sitt til jordbruket i jordbruksforhandlingane.

– Staten legg med dette fram eit svært godt tilbod, som viser ei sterk prioritering av norsk jordbruk frå regjeringa. Dette gir moglegheiter for ein stor inntektsvekst og er nødvendig for å bidra til tryggleik for norsk matproduksjon og auka sjølvforsyning, seier forhandlingsleiaren i staten Viil Søyland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbodet vil gi jordbruket moglegheit for ein inntektsvekst på 19 prosent, eller om lag 91.000 kroner per årsverk, frå 2023 før oppgjeret til 2024.

Tilbodet legg til rette for at avstanden i inntekt mellom jordbruket og andre grupper blir reduserte med 40.000 kroner per årsverk. I kravet frå bøndene var det lagt opp til ein reduksjon på 120 000 kroner per årsverk.

Tilbodet blir finansiert med løyvingar over statsbudsjettet på 2,3 milliardar kroner, og målprisaukar på 732 millionar kroner.

Skuffande lågt

– Tilbodet er skuffande lågt, seier leiar i Telemark Bondelag, Trude Flatland i ei pressemelding.

– Mange vil framleis vera i tvil om dei skal halde som bønder eller bli bønder. Tilbodet bidrar heller til å forsterke tvilen blant bøndene i Telemark enn å fjerne den. Det er synd, ikkje minst for landets framtidige evne til matproduksjon og sjølvforsyning av matvarer, understrekar Flatland.

Tilbodet frå staten imøtekjem Norges Bondelag på nokre punkt, mellom anna på punktet om kompensasjon for mindre inntekt i 2023 enn det fjorårets oppgjer la til grunn.

Flatland meiner tilbodet er for svakt både på mjølkeproduksjon og for andre grasetande husdyrslag – viktige produksjonar som utnyttar dei naturgjevne føresetnadene til produksjon av matvarer som er viktig for landets sjølvforsyning.

– Oppsummert er det først og fremst heilt nødvendig med meir pengar inn i forhandlingane, slik dette framstår nå er dette for dårleg, poengterer Flatland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Norges Bondelag skal nå vurdere om det er grunnlag for forhandlingar.