Bondelagets leiar Bjørn Gimming overleverte i slutten av april bøndenes krav til jordbruksoppgjer. Fredag kjem statens forhandlingsleiar Viil Søyland med motsvaret. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB/ NPK

Staten legg fram tilbod til bøndene klokka 13 fredag

Staten legg fredag fram svaret sitt på kravet frå Noregs Bondelag til jordbruksoppgjeret. Bondelaget ber om til saman 6,9 milliardar kroner.

Kravet svarer til ein inntektsauke per årsverk på 171.300 kroner neste år. Av dette går 120.000 kroner til å tette gapet mellom bonden og andre grupper – eit mål regjeringa har programfesta i Hurdalsplattforma.

Klokka 13 legg forhandlingsleiaren i staten Viil Søyland fram svaret i Landbruks- og matdepartementet, skriv Nationen. Der stiller også Bondelags-leiar Bjørn Gimming. Då kravet frå bøndene vart lagt fram, konkluderte Søyland med at «forhandlingane blir krevjande».

Artikkelen held fram under annonsen.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag er ikkje del av forhandlingane i år. For første gong sidan ordninga vart innført i 1950, klarte ikkje organisasjonane til bøndene å bli samde om eit felles krav. Bondelaget forhandlar derfor åleine på vegner av heile jordbruket.

16. mai er det frist for forhandlingane. Den nye jordbruksavtalen skal vedtakast av Stortinget og tre i kraft 1. juli.

(©NPK)