Unge gründerar: Kvitsund-elevane Lars Kippenes (f.v.) frå Asker, William Matteus Fonn frå Molde, Leikny Ludviksen frå Træna og Arsalan Farahani frå Bærum har bedrift saman og sel brukte klede. Målet er å skape ein kultur for å kjøpe brukt i staden for nytt.

Startar pop-up butikk. – Me prøvar å skape ein kultur for å kjøpe brukt

Dei fire vidaregåandeelevane Lars, William, Leikny og Arsalan har bedrift saman og sel brukte klede. Nå håpar dei å nå endå fleire kundar med pop-up-butikk i Kviteseidbyen.

– Me har ein butikk på Kvitsund, og sel klede på Tise (ein app der folk kan kjøpe og selje brukt journ.mrk.). Men me tenkte det også hadde vore kult å utvide og gje eit tilbod også her i bygda, fortel Lars Kippenes.

Saman med Arsalan Farahani, Leikny Ludviksen og William Matteus Fonn bestemte dei seg derfor for å lage ein pop-up butikk i Kviteseidbyen. Dei tok ein telefon til drivaren av Balanzera, og fekk lov til å låne lokalet ved sidan av frisørsalongen gratis.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er dyrt å leige eit lokale, derfor er pop-up midt i blinken. Me har også planar om å ha ein pop-up i Porsgrunn der me også kan låne lokale gratis, fortel Lars.

I fyrste omgang skal bruktbutikken til Kvitsund-elevane berre vere ein kveld, men om det fungerer bra er dei opne for å gjere det fleire gonger.

Du får eit nytt plagg, men gjer også noko bra for klima

Dei fire har ei bedrift saman som er ein del av faget entreprenørskap og bedriftsutvikling. At det vart akkurat dei fire, er ikkje tilfeldig, i starten av skuleåret utførte dei personlegdomstestar, og deretter lagde lærarane grupper basert på kva typar dei meinte passa saman om drive ei bedrift.

Elevane fortel at dei har eitt eller to møte utanom ordinær skuletid i løpet av veka, og dei likar faget som er litt annleis.

– Me får litt erfaring om korleis det er å drive ein bedrift, og det er eigentleg sjukt kult, meiner William.

Motivasjonen til å selje brukte klede og sko er ikkje fyrst og fremst økonomisk.

– Me har fokus på gjenbruk og berekraft. Å kjøpe brukt i staden for nytt utgjer ein forskjell med tanke på utslepp, seier Lars.

Sjølve kjøper dei ein del brukt, og har blitt meir bevisst det etter at dei starta bedrifta i haust.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me prøvar å skape ein kultur for å kjøpe brukt, legg Lars til.

– Me vil bidra til å endre haldningane til folk, nikkar William.

– Ja, me vil bidra til sirkulasjon, fortel Arsalan.

Kleda får dei mellom anna frå andre elevar på Kvitsund, men sjølv om dei har mest ungdomsklede til sals, er det også klede for barn og eldre.

Ti prosent av det dei tener går til årets russeprosjekt på Kvitsund, førebygging av vald mot barn i Peru. I tillegg donerer dei til eit prosjekt der eitt tre blir planta for kvart plagg som blir selt.

– Dette er ein del av profilen vår. Ja, du får eit nytt plagg, men du gjer også noko bra for klima, seier William.