God start: Magne Kvifte Risdal starta MHM Entreprenør og Service AS saman med Hans Magne Breivik i 2018. I 2021 var omsetjinga på 48,8 millionar kroner.

– Me fekk høyre at me måtte rekne med å gå med underskot dei fyrste to åra. Men den forretningsmodellen har me aldri skjønt noko av

Magne Kvifte Risdal frå MHM Entreprenør og Service AS var ein av fleire lokale næringsdrivande som fekk fortelje sin historie på årets Vest-Telemark konferanse.

– Det har gått i rekordfart. Me har hatt ei vannvettig vekst, og det er jo på grunn av at me har vannvettig gode tilsette, fortel Magne Kvifte Risdal.

I 2018 starta han og Hans Magne Breivik verksemda MHM Entreprenør og Service AS i Fyresdal. Fyrste året nådde dei ei omsetning på 7,6 millionar. Sidan har omsetninga auka jamt og raskt, og i 2021 var omsetninga på 48,8 millionar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me fekk høyre at me måtte rekne med å gå med underskot dei fyrste to åra i alle fall. Men den forretningsmodellen har me aldri skjønt noko av, sa Kvifte Risdal.

– Eg seier til meg sjølv at det er berre du sjølv som kan stoppe dette her, og det er berre å gje gass.

– Fyresdal er eigentleg veldig sentralt

Kvifte Risdal kjem opphavleg frå Arendal, men foreldra kjøpte seg hytte i Fyresdal, og då han skulle finne seg lærlingplass som bilmekanikar spurte han på Moland. Der fekk han plass, og slik kom han til Fyresdal. Nå har Kvifte Risdal budd der i tretten år, og reknar seg som førsdøl.

I dag har MHM 22 fast tilsette og to lærlingar. Dei jobbar både i inn- og utland, på land og offshore, og driv med mekanisk, hydraulisk montasje, sveising, driving av tunnel, membranmotasje og fjellsikring.

– Du må ikkje ha høgdeskrekk hos oss, sa Kvifte Risdal, og viste bilde frå arbeidsplassen som kan vere fleire hundre meter over bakken.

Kvifte Risdal fortalde at han kan få spørsmål om det ikkje er vanskeleg å drive i Fyresdal som er så usentralt.

– Men Fyresdal er jo eigentleg veldig sentralt, svara han.

Tre timar til Oslo. Fem-seks til Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då han fekk spørsmål om kvar dei hadde funne alle dei tilsette var svaret kortreist.

– Fyrst Fyresdal, og så bygdene rundt.

Reodor Felgen-mentalitet

Den årlege Vest-Telemarkkonferansen samla som vanleg næringsliv, politikarar og andre interesserte på Straand Hotel i Vrådal. Tema for årets konferanse var Kampen om ressursane. Korleis vinne kampen om folk og kraft i Vest-Telemark?

Konferansier for dagen var Erik Wold, og på programmet stod mellom anna Erik Skjervagen med posten «Prøva, feila og lukkast med lokal kraft», «Ny energi og giv i gamalt kraftlag» med påtroppande konsernsjef i Vest-Telemark Kraftlag, Svenn-Erik Rafoss og debatt med Mahmoud Farahmand, stortingsrepresentant (H) Helene Marie Naper, NHO Vestfold og Telemark, Benedikte Nes, varaordførar Tokke (MDG) og Sverre Gotaas, adm.dir. Herøya industripark med tittelen «Kor finn me morgondagens kraft?»

Siste posten på programmet hadde tittelen «Lokal inspirasjon», og dei fire verksemdene Tekstgården, Dalen Mekaniske, MHM Entreprerenør og Service AS og Pointbreak presenterte seg.

Reodor Felgen-mentalitet: Liv Nærum, ingeniør, agronom og generell allrounder, frå Dalen mekaniske, var eitt av innslaga i lokal inspirasjon. – Me har nokon fortrinn som kortreist, grøn kraft, men det viktigaste er folka. Dei er så flinke til å finne løysingar. Det er Reodor Felgen-mentaliteten – dette ordnar me.
På heimebane: Rune S. Alexandersen flytta frå Oslo til Vrådal, og starta Tekstgården saman med sambuaren.
Storsatsing: Rune Johansen frå Pointbreak AS satsar på ny teknologi for kjemisk gjenvinning av plast.